Stor nynorsklekkasje frå ungdomsskolen til vidaregåande
Korleis kan vi stoppe nynorsklekkasjen som skjer i overgangen får ungdomsskolen til vidaregåande og gjere det lettare å velje nynorsk? No får dei vidaregåande skolane og lærarane eit nytt verktøy for å sikre språkrettane til elevane.
Planen vart nyleg vedtatt i utdannings- og kompetanseutvalet (UDK). Han tar utgangspunkt i ei kartlegging av språkbytte som viste at om lag halvparten av 10.-klassingane i fylket var nynorskelevar, medan det berre var 30 prosent av elevane som hadde nynorsk hovudmål i den same perioden på vidaregåande.
Den nye skolespråksplanen skal hjelpe lærarar med:
• å skape gode haldningar til både hovudmål og sidemål gjennom god sidemålsundervising
• å gjere det enklare å vere nynorskelev i mindretal ved å sikre fleire mindretalsspråklege i same klasse
• å samle støtteressursar og tilbod om kompetanseheving
• meir bruk av sidemål som undervisingspråk i andre fag enn norsk
• nynorsk i datasystem, skrivebordsprogram, læremiddel og læringsressursar
• positiv og god informasjon om språkval til søkarskolar
• å etablere på nynorskfellesskap på skolar
• å gjere nynorsk meir synleg i skolekommunikasjon
Behov for oversikt
Kartlegginga som planen tar utgangspunkt i peiker på nokre forhold som kan forklare kvifor det er færre elevar i vidaregåande som vel å bruke nynorsk som hovudmål:
- skolane har ikkje fått informasjon om språkønska til elevane før skolestart, noko som gjer det vanskeleg for skolane å kjøpe inn nynorske lærebøker.
- det er dårleg oversikt over språkfordelinga i vidaregåande opplæring.
Desse funna er meldt fra om til Språkrådet, og skolane får no tilgang til språkønske allereie i søkarlistene før skolestart.
I vedtaket ber UDK fylkeskommunedirektøren påsjå at skolespråksplanen blir eit verktøy for skolar og lærarar i arbeidet med å sikre språkrettane til elevar på dei vidaregåande skolane våre og med å styrke vilkåra til nynorskelevane spesielt. Praksis ifrå Molde vgs om informasjon og bruk av nynorsk kan brukast som eit godt eksempel for andre vidaregåande skular i fylket.