Stor rekrutteringskampanje: Vi søker etter dyktige lærarar!

Møre og Romsdal fylkeskommune har no lyst ut mange ledige lærarstillingar og andre stillingar på dei vidaregåande skolane og fagskolane i fylket.

Skriv ut

Fylkeskommunen eig og driv 23 vidaregåande skolar og 2 fagskolar i Kristiansund og Ålesund, med totalt 10 000 elevar på vidaregåande og 400 studentar ved fagskolen. No er det behov for mange nye lærarar til neste skoleår.

- Vi planlegg eit nytt skoleår og søker lærarar innan dei fleste utdanningsområda og studietilboda. Vi ønsker dyktige lærarar som set eleven i sentrum, lærarar som trivst med ungdom og er glade i faget sitt, seier Kariann Dimmen Flovikholm, kompetansesjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Gode resultat

Dei vidaregåande skolane i fylket kan skilte med gode resultat. Samanlikna med resten av landet har vi prosentvis flest elevar som fullførte og bestod sist skoleår. I løpet av sist skoleår, var det berre 2,3 % av elevane som slutta, noko som plasserer Møre og Romsdal øvst på lista. I tillegg er elevane i fylket blant dei med lågast fråvær i landet. Dei vidaregåande skolane våre er blant dei største i landet på yrkesfag.

- Vi er stolte av desse resultata, og vi ønsker oss lærarar som bidrar til den positive utviklinga framover, seier Flovikholm.

Omorganisert fagskole

Det trengst også lærarar til fagskolen. Nytt for neste skoleår er at Fagskolen i Ålesund og Kristiansund blir til Fagskolen Møre og Romsdal. Studiestadane er framleis i dei to byane, men skolane har no felles organisering. Fagskolen i fylket legg særleg vekt på å tilby fagutdanning av høg kvalitet i samsvar med behovet i arbeidslivet i fylket

Parallelt med rekruttering av lærarar, blir det også søkt etter tannhelsepersonell. Les meir her.

Snarvegar

Kontakt