Stort engasjement på Elevrådskonferansen
Årets Elevrådskonferanse samla leiarar og nestleiarar frå elevråda på dei vidaregåande skolane i fylket - for å utveksle erfaringar, dele verktøy til å kunne påverke og for å trygge dei i leiarrolla.
Skolane jobbar betre og betre med å skape gode rammer for elevrådsarbeidet og elevdemokratiet, og dei fleste av deltakarane opplevde at skolen tok elevane på alvor, melder seier elev- og lærlingombod i fylkeskommunen, Tove Regine Stranden, som nyleg arrangerte konferansen.
- På konferansen brukte vi mykje tid på erfaringsdeling, diskusjon og nettverksbygging. Det er viktig at elevråd veit kva dei kan engasjere seg i, og elev- og lærlingombodet påpeikte fleire gonger at dei må tørre å ta plass på sin skole. Ein skole som involverer elevane i alt sitt arbeid, får ein skole som er betre tilpassa elevane der fleire trivst, seier Stranden.
Elevrådet er ein viktig bidragsytar til å skape eit godt læringsmiljø på skolane, og for å forebygge mobbing og krenkingar.
- Elevar som er gode og tydeleg rollemodellar er viktig for eit godt læringsmiljø, og for å bidra til at medelevar opplev ein god skolekvardag. Skolane må involvere elevane og elevråda i arbeidet med å skape og oppretthalde trygge miljø, og dette snakka vi mykje om på første del av konferansen. Dette en noko mange av elevrådsleiarane ville jobbe vidare med når dei kom tilbake til eigen skole, og det heier vi på, seier ombodet
Konferansen hadde eit tett og variert program, og leiar og nestleiar fekk også eit innblikk i det politiske og administrative arbeidet som skjer i fylkeskommunen.
Jobbe for klima- og miljøvennlege skolar
Fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm og klima- og miljøkoordinator Ingeborg Simonsen presenterte presentere arbeidet med fylkesstrategien for klima-, miljø og energi, og utfordra ungdommane på korleis dei i elevrådet kan jobbe for at deira skole kan bli meir miljøvennleg. Ungdommane hadde mange gode forslag, som dei kan ta med tilbake til sin skole for å jobbe vidare med.
Valde elevrådsrepresentantar til fylkepolitikken
Det var også vald nye elevrepresentantar til fylkeskommunale nemnder. Desse skal representere elevane på dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal i fylkeskommunen sitt politiske arbeid, og delta i drøftingar av alle pedagogiske og administrative saker som gjeld elevane sine interesser.
Elevrepresentantane for 2022-2023 er Kinga Difort fra Gjermundnes vidaregåande skole og Marie Valderhaug frå Ålesund vidaregåande skole. Johannes Gjerde frå Ulstein vidaregåande skole, Mohammed frå Ålesund vidaregåande skole og Martin Solberg frå Rauma vidaregåande skole er vararepresentantar.