Styrkar kollektivtilbodet til det nye sjukehuset på Hjelset
Kollektivtilbodet til det nye sjukehuset på Hjelset blir forsterka når det nye sjukehuset står ferdig våren 2025.
Det vedtok fylkestinget tysdag da saka blei behandla.
Tilbodet blir betra gjennom ekstra rundturar med FRAM Ekspress mellom Kristiansund og Hjelset, og eit forsterka tilbod på linje 714 mellom Molde og Hjelset/Kleive.
På oppdrag frå FRAM har rådgivingsselskapet Strategisk Ruteplan AS, i samarbeid med Rambøll, utarbeida ein rapport om kva transportbehovet til det nye sjukehuset vil vere frå Molde og Kristiansund, og kva ei hensiktsmessig kollektivbetjening vil vere. Av rapporten går det fram at tilsette vil vere den viktigaste målgruppa for rutetilbodet.
Strategisk Ruteplan AS anbefalte å styrke linje 100 og linje 714, og meinte at det vil gi eit kollektivtilbod som er tilpassa arbeidstida for tilsette, og kan bidra til å oppnå auke marknadsandel og nå mål om transportmiddelfordeling. Anbefalinga blei også fylkeskommunedirektøren si innstilling til politikarane.
Saka har vore behandla i både samferdselsutvalet og fylkesutvalet, før det endelege vedtaket tysdag i fylkestinget.
Ruteendringa på linje 714 blir finansiert innanfor allereie vedtatt budsjettramme på 12 mill. kroner, mens auka produksjon på linje 100 FRAM Ekspress blir lagt inn i budsjett- og økonomiplan for 2024-2027 med ei auka kostnadsramme på 5 millionar kroner frå og med opning av sjukehuset.