Sverdet på Vestnes tilhøyrde aristokrat

Arkeologar på NTNU i Trondheim har avdekt at sverdet som vart funne i potetåkeren på Vestnes hadde sølvtrådar og flott mønster på bladet. – Det er eit praktsverd som må ha tilhøyrd ein storkar, seier Bjørn Ringstad.

Skriv ut

Kai Grønningsæter fann nokre metallbitar i jorda på Øverås, og i sommar tok kona, Heidi Vike Grønningsæter, kontakt med Bjørn Ringstad, arkeolog og seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, om kva det kunne vere.

Han skjønte raskt at det dreidde seg om eit vikingsverd og sendte det til NTNU for konservering og undersøking og røntgen.  No er analysen klar: Det dreier seg om eit praktsverd, med mønstersmidd klinge og sølvpynt, mest sannsynleg frå 800-talet.

- Sverdtypen er ganske vanleg i Norge, og i store deler av Nord-Europa. Men det er ikkje alle som har både mønstersmidd klinge og edelmetall, og det er med på å løfte det opp til eit meir luksuriøst nivå. Dette er ein sverdtype som vi forbinder med aristokratiet eller dei rett under, i vikingtida i Nord-Europa, fortel arkeolog Raymond Sauvage i ein video som NTNU Vitenskapsmuseet deler om sverdet.

Kven er det som kan ha eigt sverdet?

- Sølvinnlegget på hjaltet viser at det er eit ekstra staseleg sverd, så det må ha i alle fall ha tilhøyrd ein storbonde, eller ein lokal høvding, seier Ringstad.

I sagaen var det brukt forskjellege omgrep om dei som hadde makt i regionen. Kva slags aristokrat haldt til på Vestnes?

-  Vi hadde jarletitlar og herse, men vi veit ikkje heilt kva nivå vi låg på her. Men det som er sikkert, er at det har vore fleire lokale maktkonsentrasjonar innover i Romsdalsfjorden, med lokale hovdingar og storbønder, som i lag danna eit slags nettverk for å oppretthalde handel og samkvem.

Sterkt og dekorativt

Konservator Ellen Wijgård Randerz, konservator ved NTNU Vitenskapsmuseet fortel at sverdet består av metall med forskjellig karboninnhald, som er vridd saman.

- Det er gjort dels for å gjere sverdet hardt og seigt, og dels for å få ein dekorativ effekt. Når sverdet var nytt, kunne ein sjå eit fargespel på klinga. Og så er det lagt inn ein sølvtråd på grepet, under hjaltet, som må ha glinsa veldig fint, seier Randerz.

Sverdet kan ha blitt produsert lokalt, eller meir sannsynleg i det som var Frankerriket, av ein svært dyktig smed.

- Det å produsere eit slikt sverd var eit veldig spesialisert yrke, og mange av sverda blei importert frå kontinentet og Frankerriket. Det blei til og med forbod mot å eksportere sverd til Norden, for dei ønska jo ikkje at heidningane skulle få tilgang på desse våpena. Men sverdet kan også ha vore produsert lokalt, av nokon som hadde detaljert kunnskap om smiding, metallarbeid og ikkje minst finsmedarbeidet med edelmetallet som er lagt til, seier Randerz.

I alt kjenner en til rundt 2000 slike sverd.

Sjå filmen om Vestnes-sverdet som NTNU Vitenskapsmuseet har laga.

Snarvegar

Kontakt