Takstar på fylkesvegferjene i 2020

10. desember 2019 vedtok fylkestinget takstregulativ og takstnivå på fylkesvegferjene for 2020. Her finn du tabellar som viser takstane på alle ferjestrekningane. 

Skriv ut

Tabellane viser både kva du må betale ved fullpris, pris med rabattkort (privatavtale eller firmaavtale) og prosentvis auke for dei som brukar rabattkort. Oversikta viser køyretøy i klassane opp til 6 meter og 12-14 (12,5-14,5) meter.

Taksttabellane for 2020 er ikkje klare frå samferdselsdepartementet, slik at oversiktene vi har laga er basert på taksttabellane for 2019. I Statsbudsjettet er det lagt opp til ein prisauke på 3,2 % for ferjetakstar. 

Oversiktene er bygd opp slik:

Dagens:Slik vi billetterer i dag, og etter dagens soner.
01.01.2020: På sambanda der nye kontraktar startar opp er det lagt på 2 takstsoner, jamfør T-26/18. I tillegg er det tatt høgde for justering av sone som følge av ny måling av strekningslengde jamfør SA-22/19. Det er eit rabattnivå på 50 % for privatavtalar og 40 % for firmaavtalar som gjeld.
01.07.2020:Lagt inn AutoPASS-regulativet for dei sambanda som får dette innført. Det er eit rabattnivå på 50 % for privatavtalar og 45 % for firmaavtalar som gjeld.
Grått felt:Betyr at det er inga endring for sambandet. For eksempel på strekninga Hareid-Sulesund, vil dagens prisar vere gjeldande fram til AutoPASS-takstregulativet begynner å gjelde 01.07.2020.

 

Dokumenter

Kontakt