- Tang og tare kan bli eit nytt industrieventyr
Dei over 200 deltakarane på den internasjonale Algemania-konferansen i Kristiansund, er invitert med på eit mogleg nytt industrieventyr.
Det meiner administrerande direktør Sissel Rogne i Havforskningsinstituttet framfor Algemania 27.-28. oktober.
Konferansen har fått internasjonal merksemd. Alle dei nordiske landa er representerte med deltakarar. I tillegg er deltakarar frå Storbritannia, Irland, Russland, Belgia, Portugal, Nederland, Italia, New Zealand, Litauen, Estland, Polen, USA, Canada og Sør-Afrika påmelde til konferansen.
- Tang og tare er jo fantastiske planter, seier Rogne. Ho fortel med innleving om den blå åkeren, som vi haustar av, og som ligg som eit stort plantebelte frå stranda og nedover i djupet, langs heile vår langstrakte kyst. Men ho åtvarar: Den er ein avgrensa ressurs.
- Når vi hauster av han, så blir han som ei plen, og då er han ikkje egna som oppvekstgrunnlag for til dømes yngel. Det tar fem til sju år før den blå enga er restituert, seier ho.
Les også: Dei store algeaktørane driv svært lønnsamt
Berekraftig utsåing
Men som med andre planteprodukt, kan vi gjere ei foredling av planter. Vi kan dyrke og drive oppdrett av ulike artar tang og tare, med ein foredlings- og utsettingsstrategi som bidrar til ei berekraftig utsåing.
- Tang og tare veks veldig godt i kaldt vatn, i mørkt hav og også om vinteren. Dei krev ikkje gjødsling, ikkje medisinar; dei bare står der og heng - og veks.
Erfaringane frå tarehausting, taredyrking og tarebruk – og ikkje minst framifrå forsking frå gode forskingsmiljø – gjer at vi no har alginat som blir nytta på hundrevis av ulike måtar. Dei finn vi i alt frå medisinsk bruk, i kosmetikk, emballasje og som krydder for å nevne noko.
Må jobbe med marknaden
Toppsjefen for Havforskningsinstituttet meiner det finst kjøparar av produkta, men at blir viktig å jobbe med marknaden.
- Det er dokumentert at med tang og tare i kraftfôret, så går metanproduksjonen hos fleirmaga dyr dramatisk ned. Og når vi les regjeringsplattforma, så ser vi at noko av optimismen for veksten i oppdrettsnæringa er avgrensa av berekraftige fôringrediensar og fôrproduksjon. Det er ikkje særleg berekraftig å hogge regnskog eller dyrke enorme jordområder med soya, i Brasil eller Argentina, inn i dyrefôr. Det er mat som vi godt kunne ha spist. Vi bør finne andre løysingar. Kva med heller å bruke tang og tare og andre nye lavtrofiske organismer, seier ho.
Prosjektet «Grønn grus»
Ho gler seg over kva forskarane har fått til nord i Noreg. Tareskogen er beita ned av kråkeboller, men havforskarane har funne ein måte å restaurere han på. I prosjektet «Grønn Grus» blir grus brukt som små plattformar for tareskot. Deretter kan grusen spreidd med skota over havbotnen.
- Dei har lært seg å dyrke plantar og få til produksjon nå kan vi diskutere stor skala for restaurering av store område i nord som er beita ned. Så her har vi også muligheter for næringsutvikling med restaurering, seier Rogne.
Du kan ete emballasjen
Ho ser ei stor interesse for produkt laga av tang og tare, og nemner først emballasje:
- Sjå for deg emballasje som du kan ete; du har drukke vatnputer med saft og vatn, som låg i tang- og taremembranar. Etter at du togg av hjørnet og drakk innhaldet, så åt du resten. Då blir det ein heilt annan form for kompostering og bruk.
Hjelper mot feilernæring
Men tang og tare kan også nyttast som menneskemat, blant anna for at dei som ikkje et nok sjøprodukt skal få i seg nok jod. Men også for innbyggarar i utviklingsland:
- Feilernæring er ekstremt viktig. Det vi ser er at dei 1.000 første dagane i eit menneske sitt liv talt frå befruktning, legg grunnlaget for nesten halvparten av helsa di. Derfor er mor-barnernæring så viktig. Og dersom du då tenker på at mange av utviklingslanda har feilernæring, så stel vi noe framtidsmulighetene frå barna som blir alvorlig feilernærternæring. Vi må tenke mykje meir på utviklingshjelp og ernæring. Det å lære bort tang- og taredyrking, handtering av sjømat og forvaltning, er ekstremt viktig, seier ho.