Tar grep for å endre russetida - med lokalt og nasjonalt samarbeid
For å skape ei trygg og inkluderande avgangsmarkering, inviterer fylkeskommunen kommunane og fleire til samarbeid.
Fylkeskommunen som driv vgs, jobbar no både lokalt og nasjonalt for å skape ei trygg og inkluderande avgangsfeiring for elevane. Fredag inviterer fylkeskommunen kommunane som har vidaregåande skole til erfaringsdeling og nettverksbygging. Kommunane er svært viktige for å skape ei inkluderande feiring, meier Kariann Dimmen Flovikholm, som er kompetansesjef i fylkeskommunen.
- Kommunane si rolle er heilt sentral for at feiringa skal rammast inne på ein trygg måte for elevane våre. Skal vi få til ei inkluderande avgangsmarkering for alle, må laget rundt elevane samarbeide og koordinere seg. Dessutan må dialogen med både føresette og elevane starte tidleg, gjerne heilt ned i ungdomsskulen, meiner kompetansesjefen.
Pregar læringsmiljøet
Avgangsmarkeringa er i utgangspunktet ikkje ei markering i regi av skolen, og skolen har ikkje eit direkte ansvar for sjølve markeringa. Men slik russetida blir organisert no, har den fått stor påverknad på skolekvardagen og den påverkar læringsmiljøet negativt. Den omfattande feiringa pregar heile det vidaregåande opplæringsløpet
- Dette gjer at fylkeskommunen, som skoleeigar, ser seg nøydt til å gjere nokre grep for å endre rammene for markeringa. Dette ønsker vi å gjere i samarbeid med andre viktige aktørar rundt ungdommane, som kommunane, politi, frivillige organisasjonar og med ungdommane sjølve, seier Flovikholm.
Viktige kommunar
I 2022-23 gjennomførte Ålesund kommune eit pilotprosjekt i samarbeid med politiet, Møre og Romsdal fylkeskommune og frivillige organisasjonar. Målet var å sjå om eit enda tettare samarbeid kan gi tryggare rammer for russetida for avgangselevane. Erfaringane frå dette prosjektet, og det nasjonale samarbeidet som fylkeskommunen har, viser at kommunane er svært viktig.
På samarbeidsmøtet fredag vil Ålesundsprosjektet gå gjennom resultata og politiet vil gi innspel. I tillegg blir det info om det nasjonale og lokale arbeidet og nettverksbygging mellom kommunane.
Parallelt deltar fylkeskommunen i eit nasjonalt samarbeid for å lage ein nasjonal strategi for ei trygg inkluderande avgangsfeiring. Nyleg deltok vgs-elevar frå fylket saman med elevar frå heile landet for å gi innspel til korleis feiringa kan endrast.