Tare på timeplanen

Ein elev og ein lærar frå naturbrukslinja ved Kristiansund vidaregåande skole fekk vere med i båt ut til eit taredyrkingsanlegg og ta prøver av tare.

Skriv ut

-Dette er fin læring for elevane i praksis, særleg fordi det er ei annleis form for oppdrett enn det dei er vande med, seier lærar Ragnhild Aukan.

Testdyrking

Gjennom prosjektet TAREAL, som fylkeskommunen driv, skal ein finne ut om det er mogleg å dyrke tare i stor skala i havområda utanfor Møre og Romsdal. No foregår det testdyrking av tare både på eksponerte Klovningen*) og ved ein skjerma lokalitet utanfor Orstranda. Tysdag 19. mai fekk faglærarar og ein elev bli med båten eSEA Provider ut for å ta prøver av både taren og vatnet. Prøvene er sendt til Sintef Ocean i Trondheim for analyse.

-Det var synlege forskjellar i tareveksten på dei to lokalitetane. Vi er spente på resultata av prøvene, og på kva Sintef Ocean skriv i sluttrapporten, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune og prosjektleiar Rebekka Varne. -Vi ønskjer å kople på det lokale næringslivet og ikkje minst skolane våre, seier Varne.

-Framtida ligg i den blå åkeren. Vi skal ha tare på timeplanen i VG II Akvakultur til hausten, det er heilt sikkert!, seier Aukan.  

*) Lokaliteten Klovningen blir drifta saman med eit anna prosjekt, Akvalab, som ser på dyrkingsteknologi. Her er det installert GPS-sendar på anlegget av SatPos, som held til på Aukra. Prosjekteigar av Akvalab er Vindel og prosjektleiar er aPoint.

 

Kontakt