Tide Buss AS er tildelt busskontrakten for Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla
Torsdag 5. mai 2022 tildelte FRAM kontrakten for rute- og skolekøyringa i Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla til Tide Buss AS. Med nye elbussar blir meir enn 80 % av busstrafikken i området utsleppsfri. Dette gir ein årleg reduksjon på 1 500 tonn CO2.
Tide Buss AS var tilbydaren med det beste forholdet mellom pris, miljø og kvalitet og blei dermed tildelt kontrakten. Det var tre tilbydarar som leverte inn tilbod i konkurransen; Boreal Buss AS, Tide Buss AS og Vy Buss AS. Avtalen vil bli signert etter at klagefristen har gått ut.
– Den nye kontrakten vil gjelde frå 1. januar 2024 til 30. juni 2033, og inneheld ca. 2,4 mill. rutekilometer årleg. Kontrakten har ein verdi i underkant av 900 mill. kroner over 9,5 år, fortel avdelingssjef i FRAM Stig Helle-Tautra.
Stor satsing på miljøvennlege bussar
Det blir ei stor satsing på miljøvenlege bussar der meir enn 80 % av dei totale rutene i området vert køyrt utsleppsfritt. Dette gir ein årleg reduksjon på vel 1 500 tonn CO2.
-Det blir ei omfattande elektrifisering av bussdrifta på Nordmøre. Det er også spesielt gledeleg at vi får dei første elektriske distriktsbussane i fylket på plass, seier prosjektleiar Kristine Vikhagen.