Til eit fjell nær deg: Litterær opptur med forfattarar frå Møre og Romsdal

No kan du få litteratur frå Møre og Romsdal med deg på tur. Antologien Opptur med forfattarar frå heile fylket blir lansert på Bjørnsonfestivalen og plassert på bibliotek og turmål i heile fylket

Skriv ut

Om kort tid bli opplaget på 1500 å finne på biblioteka, på StikkUT-turmål og på Den Norske Turistforening sine hytter i heile fylket. Laurdag 7. september vert boka lansert på Bjørnsonfestivalen.

Utgivar er Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Møre og Romsdal forfattarlag.

– Vi inviterte forfattarar til å sende inn bidrag med temaet «opptur». Dei fekk sjølve velje kva dei ville legge i omgrepet. Ein tanke er at Opptur kan fungere som eit litterært turfølge, fortel leiar John Roald Pettersen i forfattarlaget.

- Kvifor temaet ‘Opptur’?

- Vi valde eit tema som er typisk for fylket. Tur og fjell ligg liksom i DNAet vårt. Men tekstane handlar ikkje primært om gåturar, det kan like godt vere ein mental opptur, eller ei anna tyding av ordet. Og boka kan like godt lesast i sofaen, som på tur, avsluttar Pettersen.

Forfattarar frå heile fylket

Forfattarane som er med i boka er Kaisa Aglen, Aina Basso, Sunniva Relling Berg, Leiv Arne Grimstad, Øystein Hauge, Joakim Hunnes, Marit O. Kaldhol, Mette Karlsvik, Hilde Myklebust, Øystein Orten, Jon Ståle Ritland, Arne Ruset, Roar Ræstad, Ingunn Røyset, Alf A. Sæter, Svein Sæter, Jan Ove Ulstein og Knut Ødegård. Redaksjonen har bestått av Evy Sisilie Bergum, tidlegare biblioteksjef i Molde, Kari Nesdal, avdelingsleiar Ålesund bibliotek, avdeling Moa, og John Roald Pettersen, leiar i Møre og Romsdal forfattarlag. 

Møre og Romsdal fylkeskommune har løyvd 100.000 kr til utgivinga.

– Vi ville rette blikket mot forfattarar frå fylket vårt og ønskte å samarbeide med Møre og Romsdal forfattarlag om å gi ut ein antologi, fortel fylkesbiblioteksjef Annette Elin Koch.

Utgivinga er ein del av det regionale prosjektet «Bok på veg» i Bokåret 2019.

I haust vil det også bli arrangert ein turne på biblioteka der lesarar kan møte forfattarar som deltar i antologien.

Kontakt