Tilbyr digitalt kompetansetilbod for reiselivsaktørar

Destinasjonsselskapa i Møre og Romsdal har fått på plass ein portal med ei rekke gratis kurs for aktørar innan reiseliv-, mat- og kulturnæringane i fylket.

Skriv ut

Med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune har destinasjonsselskapa på kort tid utvikla ein nettportal for alle opplevingsbedrifter i fylket som har behov for kompetansepåfyll under korona-krisa. Kompetanseportalen inneheld ei rekke gratis kurs for tilsette i små og mellomstore bedrifter og enkeltpersonføretak.

-Kompetanseportalen er eit svar på behov i næringa for kunnskaps- og kompetansepåfyll på kort sikt, men kan på sikt bli ei permanent plattform, seier Jan Sverre Sivertsen prosjektleiar for fylkeskommunens prosjekt Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal.

-Tilsette i opplevingsbedrifter i Møre og Romsdal kan registrere seg og opprette brukar og få tilgang til en rekke kurs- og opplæringswebinar. Mykje innhald er allereie på plass, og meir vil kome, seier han.

Prosjektet er ei samarbeid mellom Visit Nordvest, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og Geiranger Utvikling, gjennom samarbeidsorganet Møre og Romsdal Reiseliv. 

 

Snarvegar

Kontakt