Tilbyr heile fylket opplæring i berekraft

Fylkeskommunen lanserer e-læringskurs om berekraft for kommunar og andre interesserte i fylket. Målet er å auke kunnskapen om, og styrke arbeidet med berekraft i regionen ytterlegare. 

Skriv ut

Møre og Romsdal har som mål å vere eit berekraftsfylke og lanserer no eit kurs for å  gi ei grunnleggande innføring i kva berekraftig utvikling er, og vise status for FNs berekraftsmål i Møre og Romsdal. Kurset har også forslag om korleis kommunane og andre  organisasjonar kan ta konkrete grep for berekraftig utvikling. Det er i tillegg utvikla støttemateriell med  refleksjons- og diskusjonsspørsmål.  

Samarbeid og deling 

Fylkeskommunen starta arbeidet med å utvikle kurset i haust og har nyleg gjennomført det for eigne tilsette. No er kurset klart for kommunar, statsforvaltaren og andre offentlege aktørar, som har vist stor interesse for berekraftsopplæringa. 

Fleire av kommunane i fylket har hjelpt i arbeidet med å tilpasse kurset.  

-Fylkeskommunen har ei viktig rolle som pådrivar for berekraftsarbeidet i regionen. I år markerer vi at det er to år sidan vi starta fellessatsinga «berekraftfylket Møre og Romsdal». I denne perioden har vi hatt eit tett og godt samarbeid med kommunane og andre aktørar i samfunnet vårt, og det har vore heilt avgjerande for at vi har kome så langt på veg. Det er med stor glede vi no kan tilby dette kurset, seier Ole Helge Haugen, leiar for seksjon for berekraftig samfunnsutvikling.  

Kurset er også eit resultat av godt nasjonalt samarbeid og baserer seg på eit kursopplegg utvikla av Viken fylkeskommune og BDO. 

Her kjem du til e-læringskurset.  

 

Ønsker du å abonnere på vårt nyheitsbrev? Registrer deg her.

Snarvegar

Kontakt