Tilbyr tilskot for tilsette som vil ta nytt fagbrev

Har du eller bedrifta di ønske om eit kompetanseløft? Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr økonomisk tilskot for at fleire skal ta nytt fagbrev. 

Skriv ut

Formålet med den nye tilskotsordninga er at fleire personar med godkjent studie- eller yrkeskompetanse tar nytt fagbrev.  

- Fylkeskommunen ønsker å bidra til at verksemder i privat og offentleg sektor kan møte dagens og framtida sitt kompetansebehov, og samtidig styrke varig tilknyting til arbeidslivet for den tilsette, seier kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Ordninga erstattar ikkje eksisterande ordningar, men skal forsterke moglegheitene for at fleire skal kvalifisere til nytt fagbrev.

Bedrifter og kommunar kan søke

Verksemda kan søke om 65.000 kroner per kandidat som skal kvalifisere seg til nytt fagbrev. Ordninga gjeld for dei som teiknar ny lærekontrakt. Tilskotet skal gå til verksemda, til dømes ei bedrift eller ein kommune. Midlane kan brukast for å dekke utgifter knytt til kvalifisering til nytt fagbrev.

Det er bedrifter eller kommunar som søker på ordninga, og som vil få utbetalt midlane.   

Søknadsfristen er løpande fram til 1.12.2022.  

Meir informasjon finn du på mrfylke.no.

Søknaden skal sendast inn gjennom regionalforvaltning.no

Kontakt