Tildeler 1, 9 mill. til kulturminne og kulturmiljø
Rønnebergbua i Ålesund, ei sjøbu i Runde, ein låve på Nagelet i Rauma og Flatvadteina, Driva, er blant dei 20 kulturminna som har fått støtte til vedlikehald og reparasjon.
Denne veka fordelte kultur, - næring og folkehelseutvalet totalt 1, 940 000 kroner til 20 kulturminne og kulturmiljø i fylket. Tilskota skal gå til å sette i stand dei ulike prosjekta. Sjå omtale av dei enkelte kulturminna som har fått støtte i saksframlegget. Her er omtale av kystkultur og fiskevær som har fått støtte.
Desse fekk støtte:
Prosjekt, søkjar | Kommune | Tilskot 2023 |
Rønnebergbua Søkjar: Brosundet eigedom as | Ålesund | 200 000 |
Sveitserstilshus i Skodje Søkjar: Kjersti Marie Skarsbø | Ålesund | 200 000 |
Ellingstova Søkjar: Iris Molnes | Giske | 145 000 |
Låvebru Nagelet, Rødven Søkjar: Solrunn Stornes | Rauma | 45 000 |
Larsgardnaustet i Eidsdal Søkjar: Lars Ivar Ytterdal | Fjord | 110 000 |
Naust Eidsdal Søkjar Gunnar Berge Eide | Fjord | 100 000 |
Kleivane gammelt veifar Søkjar: Jan Trygve Veiberg | Fjord | 175 000 |
Flatvadteina, Driva Søkjar: Østigard Flatvad | Sunndal | 25 000 |
Surnadalsøra 14 Søkjar: Johan Saltrø | Sunndalsøra | 20 000 |
Gamleskulen Giske Søkjar: Giske sogelag | Giske | 100 000 |
Fjøs på Ladestølen Søkjar: Helene Velle Olsen | Sykkylven | 63 000 |
Bestastova, Kjølås Søkjar: Johanna Leira | Stranda | 75 000 |
Heimdalstunet Tornes Søkjar: Heimdalstunet museumslag | Hustadvika | 100 000 |
Bjørndals minne, Ulsteinvik Søkjar: Bjørndalsfondet | Ulstein | 20 000 |
Løe Barstein Derne Søkjar: Hans-Olav Solli | Molde | 94 000 |
Fjøs/løe Nauste i Eresfjord Søkjar: Sturla Pedersen | Molde | 68 000 |
Svalgangsbrygge Romundset Søkjar: Torunn Herje | Aure | 125 000 |
Bedehuset Nordre Bjørnsund Søkjar: Stiftelsen Nordre Bjørnsund bedehuskapell | Hustadvika | 100 000 |
Bedehuset Søndre Bjørnsund Søkjar: Søre Bjørnsund vel | Hustadvika | 125 000 |
Sjøbu Runde hamn Søkjar: Hans-Jacob Runde | Herøy | 50 000 |
I alt kom det inn 32 søknadar på tilskotsordninga, likt fordelt mellom kulturminne som er av nasjonal eller regional verdi og kommunalt prioriterte kulturminne. 17 av søknadane gjaldt kulturminne på Sunnmøre, sju i Romsdal og åtte på Nordmøre.
Det er eit fylkeskommunalt mål å ta vare på kulturminne, fordi dei er ei kjelde til å oppleve, forstå opphavet sitt og til å bygge identitet. Tilskotsordninga bidrar til at kulturminne blir tatt vare på.
Ordninga gjeld for minne og miljø som ikkje er freda etter kulturminnelova, men som blant anna er listeført i Regional delplan for kulturminne i Møre og Romsdal, har høg lokal verdi og/eller inngår i kommunale kulturminneplanar.