Tilrår gjenbruk av veg framfor ny trasé

Fylkeskommunedirektøren meiner at den beste måten å få betre veg på strekninga mellom Tomasgard og Røyrhus bru på fv. 60 i kommunane Stranda og Volda, er å gjenbruke delar av eksisterande veglinje i staden for å byggje heile vegen i ny trasé.

Skriv ut

Kommunedelplanen, som vart vedteken for over 10 år sidan, legg til grunn at det skal byggjast ny veg i ein annan trasé enn der vegen går i dag. Men verdianalysen som er utført i samband med planleggingsarbeidet for prosjektet, utfordrar desse planane, mellom anna med bakgrunn i omsynet til natur og miljø, og økonomi.

Konseptval for vegprosjektet skal til første politiske behandling i utbyggingsutvalet for bygg- og vegsaker 30. mai. Deretter følgjer behandling i samferdselsutvalet 31. mai, fylkesutvalet 8. juni og endeleg avgjerd i fylkestinget 19.-21. juni.

I framlegget til den politiske saka legg fylkeskommunedirektøren fram ei samla vurdering av måloppnåing, inkludert natur og klima, kostnadar og mogleg framdrift, som gjer at ho vil tilrå fornying av veg i eksisterande trasé på strekninga Tomasgard–Røyrhus bru på fv. 60.

Natur og miljø

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok hausten 2022 at det skulle gjennomførast ei verdioptimalisering av vegprosjektet. Bakgrunnen for dette var alderen på kommunedelplanen og konsekvensutgreiinga samt Statsforvaltaren sin merknad til oppstartsmeldinga for reguleringsarbeidet. I merknaden påpeika Statsforvaltaren at det var fleire forhold det måtte takast omsyn til vidare i planlegginga. Det gjaldt forhold som kunne ha innverknad på grunngjevinga for val av konsept, mellom anna naturverdiar, naturmangfald og konsekvensar av nedbygging av myr. Også fylkeskommunedirektøren meinte at auka merksemd på berekraft, klimautslepp og naturinngrep tilsa at det var behov for ei ny vurdering.

Hensikta med ei verdioptimalisering, eller verdianalyse, er å utfordre løysingane og kvalitetssikre planane i eit prosjekt, samt leite etter auka samfunnsnytte og kostnadssparande tiltak. Innovative løysingar som kan forbetre prosjektet, redusere kostnadar og bidra til økt berekraft er også ein del av ei verdioptimalisering.

Vurdere ambisjonsnivå

Av framlegget til saka går det fram at rapporten frå verdianalysen peiker på at løysingane i kommunedelplanen ikkje vart vurdert tilstrekkeleg opp mot utbetringar i dagens trasé. Rapporten slår også fast at behov, mål og ambisjonsnivå for vegprosjektet må diskuterast i større grad. 

I rapporten er det definert seks ulike ambisjonsnivå, der vedtatt kommunedelplan er definert som nivå 6. Dette nivået blir samanlikna mot nivå 4, gjenbruksalternativet, der ein bygger ny veg i dagens trasé og brukar opp att massar der det er mogleg.

 

Figur som viser seks nivå med ambisjonsnivå for eit vegprosjekt.

Dersom målet er full vegnormalstandard med fartsgrense 80 km/t, vil det i følgje rapporten vere mest kostnadseffektivt med ny veg i tråd med vedtatt kommunedelplan, med nokre justeringar. Ny veg er kostnadsvurdert til om lag 490 millionar 2022-kroner. Ny veg er derimot ikkje prioritert i gjeldande investeringsprogram, og det er mange strekningar på fylkesvegnettet som har tilsvarande utfordringar som fv. 60. Fylkeskommunedirektøren stiller derfor spørsmål ved når realisering av prosjektet blir aktuelt.

Akseptabel standard

I saksframlegget peiker fylkeskommunedirektøren på at dei statlege aktørane innan planlegging og bygging av veg må optimalisere aktiviteten sin med bakgrunn i krevjande økonomiske tider. Nye Veier AS har redusert fleire store og ambisiøse prosjekt til mindre tiltak med god effekt, og valt denne metoden for E136 gjennom Romsdalen.

Fylkeskommunedirektøren meiner at dersom ein kan redusere ambisjonsnivået noko i dette vegprosjektet, med å bygge ny veg i eksisterande veglinje, vil ein like fullt oppnå ein standard som er akseptabel og langt betre enn i dag. Dette alternativet vil gje langt mindre inngrep i naturen, vere meir berekraftig – og det vil vere mogleg å spare rundt 200 millionar kroner i investeringskostnader, samanlikna med å bygge ny veg. Ifølgje verdianalysen vil utbetring i eksisterande veglinje gjere det mogleg å utbetre vegen etappevis, og på denne måten gjere det meir mogleg å få framdrift i prosjektet.

Snarvegar

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.