To mill. kroner til gründerstøtte i kommunane

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet fordelte nyleg 2 mill. kr i hoppid.no-midlar til kommunane. 

Skriv ut

Dette er midlar gründerane i kvar kommune kan søke om å få gjennom det lokale hoppid.no-kontoret sitt. 

-  Pengane skal hjelpe nyetablerarar å finne ut om forretningsideen deira er liv laga, og kva som trengst for å utvikle ideen til ei levedyktig bedrift. Ordninga med hoppid.no-midlar er eit lågterskeltilbod til etablerarar, og vi ser at denne støtta har vore særleg viktig under pandemien, då fleire har blitt arbeidsledige og har vurdert å starte for seg sjølv, seier fungerande leiar seier Joakim Skaar, fungerande leiar av kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

hoppid.no er Møre og Romsdal sin gründerteneste med kontor for alle kommunar i fylket. Her får gründeren gratis råd og rettleiing, tilbod om kurs og kan også søke og få inntil 30 000 kroner i tilskot per forretningside. Midlane skal mellom anna brukast til å avklare organisering, marknadspotensial og lønsemd av ein forretningside. 

Fleire nyetableringar 

I 2020 har hoppid.no-kontora delt ut til saman 3 744 037 kroner til 158 gründerar med nye forretningsidear i fylket. Totalt er det ein auke på 503 967 kroner samanlikna med tildelingar i 2019. Gjennomsnittleg har kvar gründer fått 23 700 kroner i tilskot. 

I Møre og Romsdal vart det i 2020 registrert 2567 nye føretak inkl. eigarskifte. Det er ein auke på 169 nye føretak frå året før. 

Etter innbyggartal 

Kommunane får eit likt grunnbeløp, resten er fordelt etter innbyggartal og omsyn til arbeidsløyse.  

Pengane er fordelt til alle kommunar, med unntak av dei som har meir enn 100 000 kr i restbeløp frå året før.  

 

Sjå liste over tildeling til kommunane i dokumentet nedanfor

Dokumenter

Kontakt