Tok polske ungdomar med på Rampestreken

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal har denne veka besøk av 11 polske ungdomar. Måndag tok dei med gjestane til Rampestreken i Rauma.

Skriv ut

Turen opp til utsiktspunktet saman med Maria Holo Leikarnes i DNT Romsdal er eitt av fleire programpostar under besøket i Møre og Romsdal:

  • Søndag hadde ungdomane besøk av Ingrid Botslangen Frantzen, som har tatt master i ungdomsmedverknad. Ho delte nyttig kunnskap om ungdom si medverknad i idretten.
  • Måndag var det tur opp til populære Rampestreken i Rauma: - Ikkje alle var like godt førebudd eller trente, men saman klarte vi å komme oss opp, skriv Ungdomspanelet på Facebook.
  • Tysdag var dei på besøk på Romsdalsmuseet der dei jobba med korleis ein kan gjere musea meir attraktive for unge menneske.
  • Onsdag reiser gruppa til Kristiansund der dei blant anna skal på konsert med Atlanten vgs.

Ungdomspanelet har i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune søkt og mottatt 26.000 Euro til eit gruppeutvekslingsprosjekt gjennom Erasmus+ ungdom, som dei har saman med ungdom frå Stowarzyszenie Projektów Międzynarodowych INPRO frå Polen.

Målet med prosjektet er å inspirere og lære av kvarandre om metodar som kan brukast til å involvere, engasjere og påverke lokale kulturtilbod og samfunn. I prosjektet blir dei oppmuntra til å dele erfaringar og bruke kreative metodar for å lære meir om temaet, og samtidig bli betre kjend med seg sjølv og andre, lære om andre kulturar og lære språk.

I august skal ti ungdomar frå Ungdompanelet reise på gjensidig utveksling til Rzeszow i Polen.

Kontakt