Tone Nord er tilsett som fylkestannlege i Møre og Romsdal fylkeskommune
Tone Nord kjem frå stillinga som overtannlege i Molde kompetanseregion, og klinikkleiar ved distriktstannklinikken på Åndalsnes. Ho har vore tilsett i Møre og Romsdal fylkeskommune som tannlege sidan 1995, og har oppigjennom åra hatt ulike leiarstillingar.
Nord er utdanna tannlege frå universitetet i Oslo, og har i tillegg til profesjonsutdanninga tilleggsutdanning innan økonomi, organisasjon og leiing.
- Eg er glad for å få denne moglegheita. Den offentlege tannhelsetenesta er inne i ein spennande periode som vil utfordre oss på fleire område, seier Tone Nord. - Noko av det viktigaste framover blir å rekruttere til stabilitet, og å legge til rette for eit nært samarbeid med kommunane. Vi har mellom anna fått tilført nye oppgåver med nye pasientgrupper, og vi har utfordringar knytt til demografi og færre klinikkar. Det er og ei markant endring i pasientsamansetninga med fleire eldre, og meir kompliserte tannbehandlingar. Skal vi levere eit godt offentleg tannhelsetilbod, må vi jobbe saman for å lykkast, seier ho vidare.
- Vi set pris på at Tone Nord har takka ja til jobben som fylkestannlege, seier fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak. - Det å levere gode og stabile tannhelsetenester er ei viktig oppgåve for fylkeskommunen. Den offentlege tannhelsetenesta er inne i ein periode med store endringar. Neste år skal mellom anna det regjeringsoppnemnde tannhelseutvalet legge fram ei innstilling om korleis det offentlege tannhelsetilbodet skal innrettast, både når det gjeld organisering, finansiering, nye pasientgrupper, og tilpassing til andre helse- og omsorgstenester. I lys av dette har det vore viktig å få på plass ein leiar med solid erfaring og kjennskap til utfordringsbildet vi står i, seier Hovdenak.
Tone Nord tek over som fylkestannlege etter Anthony Valen, som går over i ei stilling som spesialrådgivar i løpet av hausten.