Toppfotballen blir pådrivarar for å nå berekraftsmåla

Kristiansund ballklubb (KBK) og Aalesund fk (Aafk) har begge inngått avtale med programmet Action Now. Begge klubbane skal no gjennom programmet arbeide for skape eit meir berekraftig samfunn.

Skriv ut

Denne veka deltok fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik på kick off i Kristiansund, der han på vegner av fylkeskommunen skreiv under den første formelle avtalen med klubben om deltaking i programmet.

KBK skal bidra til å samle kreftene i felles program

Målet er å få med 20 næringslivsaktørar. Til no har Neas, Sparebank 1 Nordvest, Kristiansund kommune og BDO (som medarrangør), i tillegg til fylkeskommunen, takka ja til å delta i programmet.

– Berekraft handlar om meir enn berre miljø og klima. Det handlar også om økonomisk berekraft og det handlar om sosial berekraft. Det er viktig å jobbe med berekraft i alle ledd, og fylkeskommunen er også stolt av å være med på laget, sa Guttelvik.

Ole Helge Haugen, seksjonsleiar for berekraft i fylkeskommunen, hadde innlegg for deltakarane på samlinga. – Fylkeskommunen er allereie tungt inn i ei satsing der Campus Kristiansund får ein sentral rolle innan utdanning, forsking og næringslivsutvikling på Nordmøre, og der berekraft er fellesnemnaren for alt som skjer, fortalte Haugen. Han legg til at arenaer som den KBK er med å etablere gjennom Action Now programmet er viktige om vi skal nå målet om å være eit leiande fylke i landet på berekraftig samfunnsutvikling.

Aalesunds fotballklubb sett berekraft på dagsorden

Aalesunds fotballklubb er også med i Action Now og dei har signert avtale med United Future Lab Norway, Framtidslaben. På same måte som KBK vil Aafk gå i front for eit felles berekraftprosjekt med næringslivet på Sunnmøre.

På nettsidene sine skriv Aafk at klubben er opptatt av å ta samfunnsansvar. Dei skriv også at dei no ønsker no å synleggjere samfunnsarbeidet og vidareutvikle arbeidet sitt med FN sine berekraftsmål. 

Kva er Action Now?

Programmet tar utgangspunkt i FN sine berekraftsmål, og vart starta av Bodø/Glimt i 2019. KBK og Aafk er av dei første klubbane i landet til å bli med.

Action Now handlar om at toppfotballen er med på at vi skal nå FN sine berekraftsmål.

Målet er å auke kunnskapen hos befolkninga og næringsliv om FN sine berekraftsmål og vårt felles ansvar for å nå måla. Programmet skal også Inspirere menneske og bedrifter til å ha lyst til å bidra.

Eit anna mål er å bidra til eit berekraftig næringsliv gjennom å kombinere forretningsutvikling med berekraft.

Fotballklubbane skal også inspirere til faktisk handling blant befolkninga og næringslivet med å ta del i prosjekt og partnarskap som fører bedrifter og samfunn i ei meir berekraftig retning.

Snarvegar

Kontakt