Trafikktryggingsprisen 2019 er tildelt Gulstripeaksjonen

Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) i Møre og Romsdal har tildelt Trafikktryggingsprisen 2019 til Gulstripeaksjonen ved Solvår Skogen Sæterbø.

Skriv ut

I grunngjevinga står det at det har vore arbeidd politisk over lang tid både lokalt og regionalt med utbedring av strekninga E39 Betna-Stormyra. Ein har fått utbedra enkelte strekningar, men totalprosjektet langs Vinjefjorden har stadig vorte utsett.

Aksjonen starta i 2017 blant eldsjeler og bebuarar i Halsa og Hemne kommune, som soknar til strekninga E 39 Betna-Stormyra.

For å sette søkelyset på utryggheita, og på den 26 km lange strekka med europaveg som var for smal til å ha gulstripe, vart det strikka gulstripe av denne engasjerte aksjonsgruppa. Dette er ein veg med aukande trafikk og altfor smal for tungbiltrafikk, og har gjort det svært trafikkfarleg å ferdast for mjuke trafikantar. Etter fleire vegplanperiodar med berre delvis finansiering, blei prosjektet fullfinansiert i Nasjonal Transportplan (NTP) for inneverande periode (2018-23).

Vidare står det at aksjonsgruppa har bygd sitt påverkningsarbeid på ein kombinasjon av humoristisk kampanje og alvor og har jobba hardt mot myndigheiter, organisasjonar, politikarar og næringsliv på alle nivå. Det gav endeleg resultat .

I samband med statsbudsjettet i 2019 vart det gitt ei oppstartsløyving.

-Gulstripeaksjonen har på ein veldig god måte gjort synleg behovet for prosjektet med ei folkeleg og nøktern tilnærming til utfordringa som er trafikktrygg framkome , seier FTU - leiar Iver Nordseth.

- Som vi ser, dette er personar som utvilsomt har vist og fortsatt viser eit TS- engasjement langt utover det ein normalt kan forvente; spesielt når det gjeld å ta vare barn i trafikken, avsluttar Nordseth.

Kontakt