Tre lovande ungdommar får kokke- og servitørstipend frå fylkeskommunen

Øyvind Nikolaisen Innerby frå Kristiansund, Beate Skomsøy frå Smøla og Oskar Andreas Ørskog frå Ålesund får stipend til å utvikle seg som kokk- og servitør.

Skriv ut

I sommar lyste Møre og Romsdal ut stipend til ungdom mellom 19 og 25 år som ønskjer å satse på ei karriere i restaurant- og matfag. Reiselivsnæringa har eit stort behov for fleire faglærte kokkar og servitørar, og stipendet er eitt av fleire tiltak fylkeskommunen gjennom prosjektet «Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal» har sett i verk for å møte dette behovet. Prosjektleiar Jan Sverre Sivertsen understrekar viktigheten av å satse på dei yngre kreftane; «Opplevelsesnæringa er heilt avhengig av fagfolk som brenn for det å utvikle og formidle historia i matopplevelsane. Bransjen skrik etter faglært arbeidskraft og vi håper dette kan bidra til å få unge til å fortsette i næringa og videreutvikle denne» - sier Sivertsen.
Stipendmottakarane får inntil 40 000,- kr hver for å dekke utgiftane i samband med viderutviklingstiltak.

Om stipendmottakarane

Øyvind Nikolaisen Innerby er servitør og bartender og vil bruke stipendet på å utdanne seg ved offentleg godkjent fagskole for drikkevarer. Han arbeider i dag hos Bryggekanten Brasserie og Baches Bar, og har fått med seg eit anbefalingsbrev frå arbeidsgivaren som beskriv Øyvind som ein dedikert og kompetent servitør, som også interessert i å inkludere kollegaar i å utvikle gode produkt og opplevingar for gjestane. 

Beate Skomsøy er servitør og er spesielt opptatt av vin. Ho har tatt eksamen som vinkelner og ønskjer å bygge vidare på kunnskapen. Beate ønskjer også å bruke ressursar på å rekruttere ungdom inn til yrket. Ho har vore vikarlærar på kokkelinja i vidaregåande, noko som har gitt meirsmak. Beate har også fått anbefalingsbrev frå Bryggekanten, som forøvrig er svært opptatt av å bygge opp eit fagmiljø i regionen. Dei skriv mellom anna at Beate er ein kunnskapsjagande og dedikert servitør. 

Oskar Andreas Ørskog er kokk og skal bruke stipendet til hospitering/praksisperiode hos restaurantar som har fokus på økologisk drift, berekraftige råvarer og sesongbasert kjøkken, slik som L’Enclume (England), Blue Hill at Stone Barns (USA) eller Credo (Noreg). Oscar arbeider til dagleg på Apoterkergt. No. 5 i Ålesund og har fått anbefaling frå kjøkkensjefen som skriv at Oskar viser stor interesse for faget og har alle moglegheiter for å bli ein dyktig kokk. 
 

Kontakt