Tre nye rektorar på vidaregåande skolar

Det er tilsett og konstituert til saman tre rektorar på dei vidaregåande skolane i fylket.

Skriv ut
  • Roger A. Fylling (56) startar 1. august som rektor ved Borgund vidaregåande skole.
  • Øystein Bråthen (40) blir frå 1. juni konstituert som rektor ved Sunndal videregående skole.
  • Tove Lersveen (57) blir konstituert som rektor ved Stranda vvidaregåande skole frå 1. august.

Fylling blir ny rektor ved Borgund vidaregåande skule

Roger A. Fylling (56) er tilsett og har takka ja til stilling som rektor ved Borgund vidaregåande skole.

Han startar i jobben i august.

- Å verte rektor ved Borgund vidaregåande skole er ei oppgåve eg er både stolt og audmjuk over, seier Fylling. - Skulen har særs lange og stolte tradisjonar som yrkesfagskule å ivareta. Frå 21 år i fylkeskommunen, og av dei 12 år som rektor for ein yrkesfagleg skole, opplever eg å ha fått god innsikt i, og stor respekt for den fantastiske jobben dei tilsette og elevane gjer ved Borgund vidaregåande skule.

- Eg ønsker å verte kjent med skulen og bidra til, saman med dei tilsette, å styrke og utvikle både læringsmiljø og merkevarebygginga til eit sentrum i utdanninga av dei unge i regionen Nordre Sunnmøre. At skolen skal fortsette å vere ein naturleg samtalepartnar opp mot eit spennande næringsliv i regionen, er ei av fleire sentrale oppgåver eg ser fram imot å bidra til. Dette vert både utfordrande og spennande, seier Roger A. Fylling.

Fylling kjem frå ei yrkesfagleg utdanning. Med seg har han Mastergraden EMBA, Executive Master of Business Administration, med fordjuping i strategisk leiing. Han har pedagogisk utdanning og omfattande vidareutdanning innan leiing og juridiske og økonomiske fag. Roger A. Fylling arbeidde nokre år i internasjonale hotellkjeder, før han gjekk over i driftssjefstilling knytt til foodservice mangangement for Sveriges Regjeringskansli Rosenbad og fleire andre driftseiningar i Stockholms-området.

Frå 2002 har han vore tilsett i Møre og Romsdal fylkeskommune, både i undervisningsstillingar på Rauma videregående skole og Ørsta vidaregåande skule, på kompetanse og næringsavdelinga og dei siste 12 åra som rektor ved Ørsta vidaregåande skule.

Konstituerer rektor, prøver ny modell for samarbeid

Tingvoll-rektor Øystein Bråthen (40) blir rektor ved to skolar når han frå 1. juni blir konstituert som rektor ved Sunndal videregående skole.

- Vi ønsker å utvikle skolane vidare for elevane, og eitt av stega er å etablere eit enda tettare samarbeid mellom skolane på indre Nordmøre. Dette er ei god anledning til å prøve ut ein modell med ein felles rektor for to skolar, seier kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken.

Han seier dei må ha eit visst tidsspenn på ei slik ordning for å sjå om det kan vere potensielle synergiar i samhandlinga i framtida, før ein evaluerer og landar på ei endeleg løysing.

Bråthen blir konstituert frå 1. juni og ut neste skoleår. Egil Ruud er i dag rektor på Sunndal vgs., men blir pensjonist frå sommaren -23.

- Bråthen har takka ja til å ta over stafettpinnen i ein periode. Han har stor kapasitet og har gjort ein svært god jobb som rektor ved Tingvoll vgs., seier Brekken.

Bråthen har vore rektor ved Tingvoll vgs sidan 2018. Han har utdanning i idrettsfag og pedagogikk frå NIH, der han også har ein master i coaching og psykologi. I tillegg til leiarutdanning frå BI. Han har hatt ulike leiarstillingar i Oslo-skolen, og kom frå stilling som assisterande rektor ved Persbråten vgs i Oslo då han vart tilsett i Møre og Romsdal fylkeskommune.

- Vi ønsker å utvikle skolane vidare for elevane, og eit av stega er å etablere eit enda tettare samarbeid mellom skolane på indre Nordmøre. Dette er ei god anledning til å prøve ut ein modell med ein felles rektor for to skolar. Vi må ha eit visst tidsspenn på ei slik ordning for å sjå om vi kan ha potensielle synergiar i samhandlinga i framtida, og vi må ha gode evalueringsprosessar før vi landar på ei endeleg løysing.

Lersveen konstituert som rektor ved Stranda vgs.

Tove Lersveen (57) blir konstituert som rektor ved Stranda vidaregåande skule frå 1. august.

Noverande rektor Jon Hjortdal har fått jobb som avdelingsleiar ved Sykkylven vidaregåande skule.

- Eg ser fram til å tiltre som rektor ved Stranda vgs., og takkar for tilliten arbeidsgivar viser ved å konstituere meg i stillinga, seier Lersveen.

Tove Lersveen har lærarutdanning med pedagogikk, idrettsfag og friluftsliv frå NIH og en master i skoleleiing frå NTNU.  Ho har vore tilsett ved Stranda vgs. sidan 1992 som idrettsfaglærar, og dei tre siste åra som leiar.

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.