Treng ekstraordinære midlar, ber om møte med statsministeren

Møre og Romsdal fylkeskommune ber om ei ekstraordinær tiltakspakke frå Staten for å klare omstillingane som Stortinget har vedtatt om ein utsleppsfri ferdsel på verdsarvfjordane frå 2026.

Skriv ut

Vedtaket som Stortinget fatta i mai 2018 er venta å gje store økonomiske utfordringar for kommunane knytt til verdsarvfjordane, Stranda og Fjord kommune.

Måndag vedtok fylkesutvalet å sende eit brev til Statsministerens kontor (SMK) der det blir uttrykt eit ønske om eit møte snarast råd for å diskutere tiltaka «og korleis vi saman kan finne dei beste løysingane for ein av Noregs viktigaste og vakraste destinasjonar – Geiranger.»

Det er gjort analysar på dei direkte konsekvensane av nullutsleppsvedtaket, og vidare utarbeidd kostnadsoverslag på kva det vil innebere å løyse desse utfordringane. Førebelse tal viser investeringsbehov på opp mot 950 millionar kroner.

Tiltaka er samla i ein tiltaksportefølje, fordelt på to pakkar:

  • Tiltakspakke 1 har første prioritet og omhandlar oppgradering av straumforsyninga inn til verdsarvområdet. Vidare, behovet for å sikre tilgang inn til Hellesylt for større skip også etter 2026 - såkalla «Open sidefjord».
  • Tiltakspakke 2 omhandlar oppgradering av kloakkreinseanlegg samt etableringa av parkeringshall i fjell i Geiranger sentrum.

I brevet til SMK heiter det: «Møre og Romsdal fylkeskommune, verdsarvkommunane Stranda og Fjord og næringslivet i området tar utfordringa, og helsar ei omstilling til utsleppsfri ferdsel velkomen. Men, vi har ikkje åleine dei ressursane som skal til for å klare omstillinga. Difor ber vi no Staten om å løyse denne oppgåva saman med oss.»

- Det er eit viktig brev å sende, for vi klarar ikkje utfordringane åleine. Derfor er det nødvendig å ha fylkesutvalet i ryggen når vi no ber om møte med statsministeren, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve.

I saksframlegget skriv fylkeskommunedirektøren at «Møre og Romsdal fylkeskommune vil gjennom dette prosjektet ta sin del av ansvaret med å følgje opp og koordinere dei ekstraordinære midlane ein ønsker dialogen med Statsministerens kontor skal løyse ut.»

Fylkesutvalet vedtok følgande i saka «Behov for ekstraordinær utviklingspakke - Geirangerfjorden verdsarvområde og omland – utsleppsfri ferdsel på verdsarvfjorden og eit berekraftig reiseliv»:

  • Møre og Romsdal fylkeskommune har som målsetning å bli miljøfylke nummer 1, og støttar opp under vedtaket om utsleppsfri ferdsel på verdsarvfjordane innan 2026
  • Utsleppsfri ferdsel på verdsarvfjordane krev ei stor omstilling og kan berre løysast gjennom lokalt, regionalt og nasjonalt samarbeid
  • Møre og Romsdal fylkeskommune ber difor Regjeringa bidra til ein utviklingspakke for Geirangerfjorden verdsarvområde og omland i tråd med vedlagte brev
  • Møre og Romsdal fylkeskommune ber om møte med Statsministerens kontor med felles mål om realisering av utsleppsfri ferdsel på verdsarvfjorden innan 2026

Snarvegar

Kontakt