Tysk utdanningsetat besøkte Møre og Romsdal
Representantar frå utdanningsetaten i Midt-Thüringen, Tyskland, besøkte førre veke Møre og Romsdal. Målet var å lære meir om utdanningssystemet vårt og om korleis vi jobbar med skoleutvikling og kvalitet i vidaregåande opplæring.
- Utdanningssystemet i Tyskland er på mange måtar ulikt frå Noreg, og delegasjonen var svært interessert i å lære, diskutere og utveksle erfaringar og idear, fortel internasjonal rådgivar i fylkeskommune, Kristian Severeide.
Gjennom tre innhaldsrike dagar fekk delegasjonen presentert mange ulike aspekt rundt korleis Møre og Romsdal fylkeskommunen driv vidaregåande opplæring. I tillegg til innlegg og deltaking frå fleire tilsette ved kompetanse- og næringsavdelinga, fekk delegasjonen også innføring frå Høgskolen i Volda om korleis dei samarbeida lokalt og regionalt om kompetanseutvikling i skolen.
Delegasjonen besøktee både Molde vidaregåande skole og Bergmo ungdomskole.
- Begge skolane viste seg frem på beste vis og inntrykket delegasjonen satt igjen med var at opplæringa i fylket vårt har mange flotte og sterke sider.
Besøket var ein del av EU sitt opplæringsprogram, Erasmus+ og ambisjonen er at samarbeidet kan vidareførast gjennom nye prosjekt og aktivitetar.