Ukrainske elevar startar i innføringsklassar: Skal sleppe å ha livet på vent

I august set rundt 50 – hovudsakleg ukrainske – elevar seg på skulebenken på Ørsta, Romsdal, Kristiansund og Borgund vidaregåande skole.

Skriv ut

I år opprettar Møre og Romsdal fylkeskommunen for første gong fire innføringsklassar, for flyktningar mellom 16- og 19 år. Oppstarten blir i september.

- Dette gjer vi for at dei skal få vere i lag med jamaldrande, og for at dei skal kunne førebu seg til ordinær vidaregåande skole. Vi vil at dei skal sleppe å ha livet på vent, i den traumatiske situasjonen dei står i, seier kompetansesjef Karianne Dimmen Flovikholm.

Flyktningar frå Ukraina får kollektiv, mellombels opphaldsløyve når dei kjem til landet. Det gir ungdommar i den rette alderen rett til å søke skoleplass i vidaregåande. Men for dei som ikkje kom til landet før 1. mars, og dermed ikkje rakk søknadsfristen, blir det sett i gang innføringsklassar.

Norsk og engelsk

Rundt 30 timar i veka skal elevane få undervisning i grunnleggande norsk, engelsk og om det norske samfunnet. Målet er at dei skal få eit betre språkleg og kulturelt grunnlag og bli klare til å starte og gjennomføre ordinær vidaregåande opplæring.

- Det er enno ikkje klart om undervisninga vil skje i lag med norske elevar. Timeplanen vil bli spikra nærare skolestart, når vi veit kor mange elevar det vert i kvar klasse, seier Flovikholm.

Søknadsfristen går ut den 31. juli. Hittil er om lag 53 elevar søkt inn frå kommunane. I tillegg er det 12 ukrainske ungdommar som har søkt og blitt tatt inn i ordinært løp.

Brukar ikkje opp skoleretten

Året i innføringsklassen vil i utgangspunktet ikkje gi rett til grunnskolevitnemål, fordi dette er noko eleven allereie har frå heimlandet. Har eleven nok kunnskap, og skolen god kapasitet, kan søkaren ta enkeltfag på vidaregåande nivå. Tilbodet går ikkje ut over retten til vidaregåande skole, men kjem i tillegg.

For å begynne i innføringsklasse, må ungdommane

  • vere mellom 16- 19 år.
  • ha lovleg opphald i Noreg.
  • ha dokumentert skolebakgrunn frå utlandet som svarar til 9-årig norsk grunnskole.
  • ha kom til Noreg etter at fristen for å søke vidaregåande opplæring gjekk ut, 1. mars 2022.

Snarvegar

Kontakt