Ungdomar frå Møre og Romsdal deltar i kåringa av beste ungdomsbok
Ungdommar frå heile fylket har jobba hardt for å finne og nominere dei beste ungdomsbøkene til Uprisen. 9. klasse i Stordal sit i juryen som skal kåre vinnarboka.
Niandeklassingane i Stordal er ein av fleire juryklassar i heile landet som skal bidra i kåringa. Sidan februar har dei lest og evaluert dei fem nominerte ungdomsbøkene, og brukt to veker på kvar bok. Dei har fått hjelp av ein såkalla kritikarfadder, forfattar Sunniva Relling Berg, til å få fram kvifor dei likar eller ikkje likar ei bok. Snart drar heile klassen til Lillehammar der to av klassekameratane; Natalie og Anna Victoria, skal delta i storjuryen og kåre ein vinnar.
Natalie fortel til Storfjordnytt at bøkene ho har lest jamnt over var bra, men at det var litt uvant å lese så mange på så kort tid. – Eg les ikkje så mykje bøker elles, men om eg har tid til det, kan det godt hende at eg kjem til å lese meir framover, sa ho til lokalavisa.
Favorittbøkene
Dette er bøkene som er nominert til Uprisen – årets ungdomsbok 2023.
Blått blod. Halve kongeriket 5 av Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug, Aschehoug 2022
Lik meg – første gang av Anne Wisløff, Cappelen Damm 2022
Høyt press av Jan Tore Noreng, Gyldendal 2022
Heiloen av Marte Mittet, Omnipax 2022
Splintra av Hilde Myklebust, Samlaget 2022
Kritiserte og nominerte
Kåringa av Uprisen har skjedd i fleire trinn, der ungdomar frå Møre og Romsdal har deltatt i alle.
- I kritikarklassar: I haust har skolar over heile landet lese, diskutert og skrive om norske ungdomsbøker utgitt i 2022. I Møre og Romsdal har heile 9. trinn ved Eide ungdomsskole i Hustadvika deltatt og og 8. klasse ved Stokksund skule i Herøy. Totalt vart det skrive 1100 meldingar.
- I Nominasjonsjuryen: På grunnlag av alt arbeidet kritikarklassane har gjort, har nominasjonsjuryen, med blant anna Johanne Silseth Aspen frå 10. trinn ved Eide ungdomsskole, plukka ut aktuelle kandidatar og nominert dei til Uprisen.
Det er foreininga !les i samarbeid Norsk Litteraturfestival på Lillehammer og Den kulturelle skolesekken som står bak prisen. Fylkeskommunen, har bidratt med å finne kritikarklassar og juryklassar, i samarbeid/gjennom DKS. Møre og Romsdal har også vore med tidlegare år, men frå denne treårsperioden vart alle fylka med på ordninga.