Ungdomspanelet bidreg til ny UKM-modell

Denne helga har ungdomspanelet i samarbeid med kulturavdelinga vore med på arbeidet med å vidareutvikle ein heilt ny modell for UMK (Ung kultur møtes). Kulturavdelinga har inkludert unge frå første stund, og dette har skapt eit stort engasjement. Tanken bak prosjektet er å ta UKM til nye høgder, og skape eit større og betre kulturtilbod avog forunge.

Skriv ut

I helga var ungdomspanelet samla ytst på Nordmøre, på Hopen Brygge på Smøla. Her orienterte prosjektleiar Elin Kanck Lorentzen om arbeid frå tidlegare workshopar der representantar frå mellom anna Møre og Romsdal barne- og ungdomsråd, ungdommens ressursgruppe og ungdomspanelet deltok. Deretter arbeidde ungdomspanelet saman med Lorentzen for å utarbeide tydlegare strategiar, legge til innspel og nye idear for å få det nye UKM best mogleg. 

Godt samarbeid mellom kulturavdelinga og ungdomspanelet

Ikkje berre er UKM ein del av sakene som ungdomspanelet behandlar, men mange av ungdommane i ungdomspanelet har sjølv vore med som deltagarar og arrangørar av lokal-, og fylkesmønstringar, og er elles svært engasjerte i kultur. 

–Samarbeidet med ungdomspanelet sikrar at unge stemmer gir utviklingsarbeidet riktig retning. Vi har jobba saman om utvikling av den nye UKM-modellen i eit år no, og det har vore givande, morosamt og ikkje minst, har det styrka prosjektet, seier Lorentzen.

Prakteksemplar på reell medverknad for ungdom

–Det er veldig fint at tilsette frå Møre og Romsdal fylkeskommune deltek på møta våre for å sikre at ungdom blir høyrt. Kulturavdelinga har teke med ungdommen i utviklinga av prosjektet heilt frå starten av, noko som er eit fantastisk initiativ frå Elin Kanck Lorentzen si side,seier Urtė Karanauskaitė, leiar i ungdomspanelet.

Ungdomspanelet skal representere ungdom frå heile fylket, ikkje berre på papiret, men også i praksis som eit rådgivande medverknadsorgan. Denne helga fekk ungdomspanelet endeleg kome seg til Smøla, noko dei har gleda seg til lenge. For det handlar ikkje berre om å representere ungdom, og behandle saker i deira stad, men å faktisk kjenne ungdommen, og stadane dei kjem frå.

Kontakt