Ungdomspanelet har delt ut støtte til ungdomsaktivitetar i fylket
Diskgolfbane på Fiskerstrand, arrangement i Molde dansefestival, ungdomskveldar i Bondalen frilynde ungdomslag og motorsportaktivitet i Sande er blant tiltaka som har fått ungdomsmidlar. Til saman har ungdomspanelet fordelt 150 000 kroner på ni ulike prosjekt rundt om i fylket.
Kvart år blir det delt ut 250 000 kroner til utstyr eller aktivitetar for ungdom. I april fekk ungdomspanelet inn 26 søknadar og av desse er det ni aktivitetar og tiltak som får støtte.
- Det er utruleg kjekt å sjå engasjementet blant ungdommane i fylket vårt. Det at dei vel å søke på desse midlane viser at ungdommen er ivrig etter å gjere noko for ungdomsmiljøet der dei bur. Utan støtta hadde dei kanskje ikkje fått gjennomført planane sine, seier Erica Ruiz Solhjem, leiar i ungdomspanelet.
Ny sjanse i haust
Ruiz Solhjem legg til at trass i at det er vanskeleg å velje kven som skal få tildelt midlar, set ungdomspanelet stor pris på alle søknadane som har kome inn.
- Til alle som ikkje har fått midlar oppfordrar vi om å søke igjen til neste utdeling, og til dei som har fått tildelt ønsker vi lykke til med arbeidet, seier Ruiz Solhjem.
Fristane for å søke er 1. april og 1. desember. Midlane går til prosjekt som bidrar til engasjement og aktivitetar blant ungdom. For å få støtte, må prosjekta kunne samle ungdom, vere ope for alle og gi positive effektar over tid. Det går an å søke om både utstyr og støtte til arrangement.
Ungdomspanelet er arbeidsutvalet til ungdommens fylkesting. Fordeling av ungdomsmidlane er ei av sakene dei behandlar.
Søker | Kommune | Tilskot er gitt for: | Tilsagn: |
---|---|---|---|
BONDALEN FRILYNDE UNGDOMSLAG | Ørsta kommune | Søknad - Arrangering av ungdomskveldar på Bondalen grendahus våren og hausten 2022 | 15 000 |
EIDSDAL UNGDOMSLAG | Fjord kommune | Søknad - nytt utstyr og aktivitetar på klubben | 6 000 |
Fiskerstrand il Diskgolf | Sula kommune | Søknad - bygge diskgolfbane | 30 000 |
Fjord ungdomsråd | Fjord kommune | Søknad - Rusfritt arrangement "MOT til 1. mai" | 20 000 |
Grotta ungdomsklubb | Molde kommune | Søknad - fellesturer og oppfrisking i klubben | 25 000 |
MOLDE DANSEFESTIVAL | Molde kommune | Søknad - Panelprat under Molde Dansefestival | 8 000 |
NMK SUNNMØRE | Sande kommune | Søknad - Aktivitetsdag for motorsport interesserte barn og ungdom på NMK Sunnmøres gokartbane i Sande kommune | 15 000 |
Rauma Ungdomsråd | Rauma kommune | Søknad - Innkjøp av PlayStationer | 20 000 |
Tingvoll Ungdomsråd | Tingvoll kommune | Søknad - fellesmiddag | 11 000 |
Kontaktpersonar for ungdomspanelet:
- Erica Ruiz Solhjem, leiar, telefon 477 69 917
- Niels Adon Leenders, nestleiar, telefon 465 31 978