Ungdomspanelet har fordelt ungdomsmidlane
Den andre av to tildelingar av ungdomsmidlar i 2019 fekk 10 søknadar. Av desse var det fem prosjekt som fekk midlar. -Etter diskusjon i ungdomspanelet valte vi til slutt å gi midlar til mellom anna ein kodeklubb, ein ungdomsklubb og ein motorklubb, seier leiar Urtė Karanauskaitė i ungdomspanelet.
Det totale søknadsbeløpet for hausten 2019 var på 397 910,-.
-Det er utruleg kjekt å sjå engasjementet blant ungdommane i fylket vårt. Det at dei vel å søke på desse midlane viser at ungdommen er ivrig etter å gjere noko for ungdomsmiljøet der dei bur, seier Karanauskaitė.
Neste frist for å søke er 1. april 2020
Kvart år deler ungdomspanelet i Møre og Romsdal ut 250 000,- til ungdomsaktivitetar i fylket. Fristane er 1. april og 1. desember. Tilskotet blir gjeve til prosjekt som stimulerer til ungdomsengasjement og skal gå til ungdomsaktivitetar, som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen.
-Eg vil minne om at ungdomspanelet har ny fordeling av ungdomsmidlane til våren med søknadsfrist 1. april, og eg håpar at søkertala vil auke til neste tildeling, avsluttar Karanauskaitė.
Desse fekk støtte:
Søkar | Kommune | Søker midlar til | Tilsegn |
---|---|---|---|
Hjørundfjord kulturvernlag | Ørsta | Stavset internatskule-skulemuseum | 15 000 |
Kodeklubben Vestnes | Vestnes | Støtte til utstyr | 31 300 |
Bergsøy Ungdomslag | Gjemnes | Støtte til lerret, pc og projektor | 10 000 |
NMK Aukra/Gossen motorklubb | Aukra | Verktøy | 5 000 |
Pluggen ungdomsklubb | Eide | Air-hockey bord | 7 350 |
SUM: | 68 650 |
Kontaktpersonar:
- Urtė Karanauskaitė, leiar i ungdomspanelet, mob. 925 69 071, e-post: xdent@hotmail.com
- Ole August Iversen, nestleiar i ungdomspanelet, mob. 472 17 921, e-post: oleaugustiversen@gmail.com