Ungdomspanelet på utveksling i Polen

Eit mål var å få innblikk i korleis det er å vere ungdom i Polen.

Skriv ut

I juni fekk Ungdomspanelet besøk av ei polsk ungdomsgruppe frå Rzeszow. I august drog ungdomspanelet til Polen, for å besøke den same gjengen.

Det var ei lang reise, både med fly, tog og buss til målet, som var nær grensa til Ukraina.

Men verdt det, i følgje nestleiar Niels Leenders i ungdomspanelet. Gjensynsgleda var stor.

- Vi har lært mykje om polsk kultur og historie, og brukt tid med ein fantastisk gjeng polske ungdommar. Det har vore minner for livet!

Målet var å lære meir om Polen, om kultur, historie og korleis det er å vere ungdom i Polen, og finne ut kva moglegheiter polsk ungdom har til å medverke på samfunnsutviklinga og tenestetilbodet dei brukar

Erasmus+ ungdom har stått for finansiering av turen til både Noreg og Polen.

Kontakt