Ungdomspanelet uroa over den økonomiske situasjonen til Møre og Romsdal fylkeskommune

Sist veke hadde ungdomspanelet i Møre og Romsdal møte kor dei skulle behandle sakene om økonomiplanen for 2020-2023, og prosjektet Omstilling 2020. -Sakene er komplekse og krevjande, men det er desto meir viktig at ungdommens stemme blir høyrd, seier leiar i ungdomspanelet Urtė Karanauskaitė. 

Skriv ut

Som eit lovpålagt medverknadsorgan etter den nye kommunelova, så har ungdomspanelet moglegheita til å komme med innspel før hovudutvalsmøta måndag. 

Ungdomspanelet har forståing for den økonomiske situasjonen i fylket er i, og set stor pris på at dei nye prioriteringane innanfor kultur, næring og folkehelse ikkje rammer barn- og unge direkte. Samtidig er panelet klar over at dette ikkje let seg gjere innanfor alle fylkeskommunale område, då særleg innan utdanning og samferdsel.

Leiaren i ungdomspanelet er bekymra over den økonomiske situasjonen.- Det er svært uheldig at fylkeskommunen no er i ein situasjon der ein må kutte, og at dette vil ramme barn og unge i fylket betydeleg. Eg håper at politikarane vel å lytte til ungdommen, og vernar om flest mogleg av utdanningsmoglegheitene vi har i dag, seier Karanauskaitė.

Betre å legge ned skolar med lågt elevtal

Ungdomspanelet deler ikkje fylkespolitikaranes syn på desentralisert skolestruktur. Ungdomspanelet gjorde i si vurdering av kuttforslag innan utdanning at det kan vere meir hensiktsmessig å leggje ned Tingvoll VGS om det kan vere med å unngå nedleggingar av linjer kringom i fylket. Panelet meiner også at Herøy VGS avdeling Vanylven bør leggast ned, grunna lågt elevtal, og at elevane i regionen har gode alternativ i det framtidige Vestland fylke. Gjermundnes VGS  har eit spesielt utdanningstilbod meiner ungdomspanelet og bør bevarast. Om mogleg, og om det sparar pengar, bør ein sjå på moglegheiter om administrative samanslåingar mellom Rauma VGS og Gjermundnes VGS. Elles meiner ungdomspanelet at det er uheldig at elevar ikkje lengre får PC-stipend då stipendet fra Lånekassen ikkje i alle høve er nok – men er veldig positiv til at tilbodet om skole-PC held fram. 

Uroa over prisauken på FRAM Ung

På samferdselsområdet så er det særleg forslaget om prisauke på FRAM Ung som panelet er skeptiske til. Ungdomspanelet meiner FRAM Ung tilbodet er veldig godt, og det er svært uheldig at det blir ramma av prisauke. Mandatet til ungdomspanelet, som er vedteke av alle ungdomsråd i Møre og Romsdal under ungdommens fylkesting, har inneheldt at ungdomspanelet skal arbeide mot å auke prisar på FRAM Ung. Ungdomspanelet er bekymra over at prisauken  hovudsakleg går ut over ungdom som ikkje har andre moglegheiter, som til dømes tilgjengelege foreldre eller eige køyretøy. Dei er bekymra for færre brukarar og omdømmetap ved eit prisauke, og foreslår at det anten kan vere lurt å utvide tilbodet til å gjelde flybuss og nattbuss, eventuelt eit utvida aldersspenn frå den gjeldande, for å inkludera studentane for å auke billettinntektene. Dei er også positive til meir reklame på buss og ferje, som kan gi samferdselsområdet meir inntekt.

-Budsjettsituasjonen er forferdeleg i år. Eg håpar våre tilrådingar blir tatt omsyn til, slik at det ikkje må gå så veldig ut over ungdommen i fylket, avsluttar nestleiar i ungdomspanelet, Ole August Iversen. 

Kontaktpersonar:

Leiar i ungdomspanelet - Urtė Karanauskaitė , mob. 925 69 071         
Nestleiar i ungdomspanelet - Ole August Iversen, mob. 472 17 921  
              
e-post: ungdomspanelet@mrfylke.no 

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.