Ungdomspartia får stemmestøtte

Måndag 19. april vedtok fylkestinget stemmestøtte til dei politiske ungdomspartia

Skriv ut

Fylkestinget har løyvd kr 300 000 til støtte for ungdomspartia for 2021.

Ungdomspartia får ei støtte på kr 15 000 som grunnbeløp, og resterande avsett beløp blir fordelt etter stemmestøtte til partia ved siste fylkestingsval. Den årlege støtteramma til ungdomspartia skal framover bli fastsett i økonomiplanen. I 2021 vert beløpet dekt frå fylkesutvalet sin reservepost.

Fram til no har det ikkje vore noko fylkeskommunal støtteordning for dei politiske ungdomspartia, og det er første gong fylkestinget i Møre og Romsdal har løyvd ei slik stemmestøtte.

Forslaget vart vedtatt med 28 mot 19 stemmer

Kontakt