Utlysing: Vil ha meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken!

No er det lansert ei heilt ny ordning for å auke mengda nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken. Med den nye ordninga kan utøvarar, produsentar og formidlarar av kunst og kultur søke om å bli med i nynorskprosjektet.

Skriv ut

Den kulturelle skolesekken (DKS) er ei nasjonal ordning som sørger for at alle skoleelever i Norge får oppleve profesjonell kunst og kultur kvart år. Men berre eit fåtal av produksjonane er på nynorsk.

Med den nye ordninga kan utøvarar, produsentar og formidlarar av kunst og kultur søke om å bli med i nynorskprosjektet til Kulturtanken. Vilkåret er at dei har nynorsk som arbeidsspråk for produksjonen sin. Det gjeld både dei som vanlegvis brukar nynorsk, og dei som ønsker å endra arbeidsspråket i prosjektet sitt. Ein kan også søke med helt nye prosjekt, også dei som ikkje er levert som forslag til i DKS-portalen.  

Ein jury vel ut fire til seks prosjekt, som får støtte og hjelp til å jobbe vidare med prosjektet sitt saman med Seanse, senter for kunstproduksjon i Volda. Søknadsfrist er 15. desember.

Målet med ordninga er å auke mengda prosjekt der nynorsk vert opplevd som relevant, representativt og for alle elevar, både dei som har nynorsk som hovudmål og dei som har det som sidemål.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Kulturtanken, Vestland fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. 

Les meir om ordninga og korleis du kan søke her.

Kontakt