Uttale om kryssing av Romsdalsfjorden

Fylkestinget vedtok i sist veke ein uttale om kryssing av Romsdalsfjorden.

Skriv ut

I uttalen heiter det: Samferdselsdepartementet ber i oppdragsbestilling nr. 1 den 11. januar 2019 Statens vegvesen «gjøre en systematisk optimalisering av prosjekt som er aktuelle for prioritering i kommende Nasjonale transportplan (NTP), og for hvert prosjekt beskrive muligheten for kostnadsreduserende og/eller effektiviserende tiltak - eller alternative løsninger - samt muligheten for å øke nytten til prosjektet.» På bakgrunn av dette oppdraget gjennomfører Statens Vegvesen no utgreiingar av betra ferjetilbod, Romsdalsaksen og bruløysingar på Møreaksen, som alternativ til vedtatt løysing for kryssing av E39 Romsdalsfjorden. Utgreiingane kjem som del av førebuingane til rullering av Nasjonal Transportplan. Fylkestinget i Møre og Romsdal støtter dette arbeidet og meiner det no må bli opp til Samferdselsdepartementet og regjeringa å vurdere dei utgreiingane som Statens Vegvesen legg fram. Det er ein føresetnad at fjordkryssinga på E39 Ålesund-Molde opprettheld plassen sin i NTP og at fjordkryssinga kan få anleggsstart i perioden 2018-2023 (jfr vedtak i NTP 2018-2029). Det er videre ein føresetnad at det skal utarbeidast klima- og miljøbudsjett for dei ulike løysingane, og at dette skal vektast i tråd med nasjonale mål for reduksjon av klimagassutslepp.