Vann Mangfaldsprisen for Møre og Romsdal

Ekornes AS og Martin Walderhaug EFTF AS vann den regionale Mangfaldsprisen for Møre og Romsdal. Juryen rosar vinnarane for sitt bevisste arbeid med å utnytte potensialet i mangfald – til gode både for bedrifta og tilsette med fleirkulturell bakgrunn.  

Skriv ut

Mangfaldsprisen blir delt ut til bedrifter som har utmerka seg ved særs god bruk av innvandrarar sin kompetanse. Ekornes AS vann i kategorien store og mellomstore bedrifter.

 – På fabrikken i Sykkylven er det tilsette frå over 30 nasjonar, og det blir arbeidd systematisk og metodisk godt med integrering av arbeidstakarar frå forskjellege kulturar og land. Det er juryen sitt inntrykk at ein av Ekornes sine suksessfaktorar er nettopp det store mangfaldet i arbeidsstokken, med ei leiing som ser verdien av etnisk mangfald, som basis for ein norsk eksportchampion, seier juryleiar for Møre og Romsdal og Trøndelag, May-Britt Roald frå Kompetanse- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Løfter dei tilsette og skaper vekst

Martin Walderhaug EFTF AS stakk av med sigeren i kategorien for små bedrifter. Dei fekk spesielt ros for å utnytte dei tilsette sine kunnskapar i kjerneverksemda, som for eksempel kompetanse på forskjellege språk.

- Halvparten av staben ved Martin Walderhaug EFTF har fleirkulturell bakgrunn, og bedrifta er opptatt av å spegle kundegrunnlaget i dei tilsette. Leiinga er beundringsverdig dyktige til å løfte og hjelpe dei tilsette til å bruke kunnskapane og til å vidareutvikle seg – gjerne ut av bedrifta og inn i andre yrke. Ei verkeleg solskinshistorie, seier juryleiaren.

Mangfald løner seg

Mangfaldsprisen er staten si utmerking for særs god bruk av kompetanse i arbeidslivet. Prisen skal løfte fram suksesshistorier, inspirere arbeidsgivarar og skape større innsikt om verdien av eit mangfaldig arbeidsliv. Libe Rieber-Mohn, direktør for Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), meiner prisen også er viktig fordi innvandrarar har ein vedvarande lågare jobbsikkerheit og sysselsettingsgrad samanlikna med resten av befolkninga. 

- Etnisk mangfald skaper eit meir berekraftig samfunn. Når vi ser og utnyttar potensialet innvandrarar sit på, vil det styrke norsk arbeidsliv. Dette gjeld både for innovasjon, kompetanse og lønnsemd, seier Rieber-Mohn.

Regionale og nasjonale prisutdelingar

Det er IMDi og Kunnskapsdepartementet som deler ut Mangfaldsprisen. I desse dagar blir den delt ut til 22 vinnarar i 11 fylke, i to kategoriar: éin for små bedrifter, og éin for mellomstore og store bedrifter. Begge vinnarane i Møre og Romsdal skal no konkurrere på nasjonalt nivå mot tilsvarande vinnarar frå alle fylke.

Det er ein nasjonal jury som avgjer kva verksemder som til slutt vinn gull, sølv og bronse i kvar kategori, i tillegg til «Årets mangfoldsvirksomhet». Sistnemnde blir delt ut til éin av dei to gullvinnarane. Dei nasjonale prisane blir delt ut av kunnskaps- og integreringsministeren på IMDi sin årskonferanse den 19. november.

Snarvegar

Kontakt