Vartdal Plast overrekt Miljøprisen 2020

Ørsta-bedrifta fekk diplom, kunstverk og 15.000 kr for innsatsen dei gjer for miljøet.

Skriv ut

Prisen vart tildelt Vartdal Plast 19. august, etter eit vedtak i Kultur-, næring-, og folkehelseutvalet (KNF). Tildelinga vart markert ei omsyning på bedrifta sitt anlegg for resirkulering på Liadal i Ørsta, før lunsj, tale og overrekking av sjølve prisen.

- Vartdal Plast er eit eksempel på korleis ei bedrift tar på seg produsentansvaret og finn løysingar som er sirkulære og reduserer bruken av jomfrueleg plastmateriale. Dei har evna å lage ei ordning for å samle inn og gi nytt liv til noko andre berre ser på som avfall, i følge  Joakim, Skaar nestleiar i KNF.

Dagleg leiar Jan Endre Vartdal meiner prisen gir motivasjon til å halde fram arbeidet.

- Vi set stor pris på at arbeidet vårt blir lagt merke til. Miljøprisen motiverer oss til å fortsette jobben med å levere ikkje-fossile og resirkulerte produkt. Plast som ikkje blir sirkulert er bortkasta ressursar, og vi skal bidra til å få det tilbake i «loopen», seier Vartdal.

Om Vartdal Plast:

Vartdal Plastindustri AS er eit familieeigd, norsk selskap som vart grunnlagd av Jan Vartdal i 1961, i Ørsta kommune. Bedrifta leverer produkt og løysingar innanfor forretningsområda bygg, næringsmiddel og industri. Ho produserer isolasjons-, emballasje- og konstruksjonsmateriell av Styropor (EPS). Dette er eit plastprodukt som inneheld mykje luft, også kjent som isopor.

I oktober 2020 opna dei eit nytt gjenvinningsanlegg for EPS på Liadal i Ørsta. Her skal bedrifta gjenvinne innsamla isopor, før det blir omgjort til nytt råstoff som igjen blir brukt til å produsere nye produkt. For å sikre nok materiale til gjenvinning har bedrifta også tatt på seg å hente isopor frå miljøstasjonar mellom Bergen og Trondheim og frakte dette på returreisene sine.

Kontakt