Vedtok ny struktur på hovudutvala
Fylkestinget vedtok måndag ei ny politisk organisering for den komande valperioden.
Endringa ligg i strukturen på dei tre hovudutvala, som i perioden 2023-2027 skal ha ei politisk organisering som er i samsvar med den administrative. Det vil i klartekst seie at det blir oppretta eit hovudutval med ansvarsområde kompetanse og næring og eit kultur- og folkehelseutval. I noverande valperiode er det eit kultur-, næring- og folkehelseutval, eit utdanings- og kompetanseutval og eit samferdselsutval.
I vedtaket frå fylkestinget går det fram at fylkestinget framleis skal ha 47 representantar. Vidare blei det vedtatt at fylkesutvalet held fram med 13 medlemar og at det skal vere tre hovudutval med 13 medlemar:
- Kompetanse- og næringsutvalet
- Samferdselsutvalet
- Kultur- og folkehelseutvalet
Det skal vere desse rådgivande utvala:
- Utbyggingsutval for bygg- og vegsaker
- Eldreråd
- Rådet for personar med nedsett funksjonsevne
- Ungdomanes fylkesting/ungdomspanelet
- Lærlingråd