Vedtok uttale om statsbudsjettet 2020

Fylkesutvalet vedtok tidlegare denne veka ein uttale om Statsbudsjettet 2020. 

Skriv ut

I uttale til statsbudsjettet 2020 står det: 
Møre og Romsdal fylkeskommune viser til framlegg til statsbudsjett 2020 frå Regjeringa og har følgande innspel til framlegget: 
Møre og Romsdal fylkeskommune er svært nøgd med at regjeringa løyver 150 mill. kroner til nytt Opera- og Kulturhus i Kristiansund, oppstartsløyving til landsline for bratt friluftsliv i Rauma, E136/39 Ørskogfjellet og oppstart av E39 Betna-Stormyra. 
 Møre og Romsdal fylkeskommune viser til at det trengs ei betydeleg opptrapping av løyvingar til fylkesvegane for å redusere det dokumenterte etterslepet på fylkesvegnettet. 
Møre og Romsdal fylkeskommune syner til den veksande underfinansieringa av fylkesvegferjedrifta, og ber om at staten bidreg med finansiering av fylkesvegferjetilbodet på lik linje med riksvegferjetilbodet. For Møre og Romsdal utgjer underfinansieringa på fylkesvegferjene 150 mill. per år. 
Møre og Romsdal fylkeskommune har omfattande behov for midlar til tunnelsikring for å kunne innfri krava i tunnelsikringsforskrifta, og meiner det må vere ein feil at Møre og Romsdal ikkje får tilført midlar til tunnelsikring i budsjettet for 2020. 
Møre og Romsdal fylkeskommune meiner fylkeskommunane er viktige aktørar for kutt i klimagassutsleppa i transportsektoren, særleg i kollektivtrafikken (buss, ferje, båt). Stortinget sin ambisjon om ein utsleppsfri kollektivtransport innan 2025 må følgast opp med statleg støtte til nullutsleppsløysingar på kollektivtilbodet i fylkeskommunane. 
Møre og Romsdal fylkeskommune har store behov for skredsikring langs fylkesvegnettet og ber om at løyvingane til dette blir auka. 
Møre og Romsdal fylkeskommune viser til at staten vil overføre fiskerihamnene til fylkeskommunane, og ber om at det følger nok midlar. 
Møre og Romsdal fylkeskommune viser til at Helse Møre og Romsdal er i en svært krevjande økonomisk situasjon, og ber regjeringa vurderer å tilføre helseføretaket friske midlar. 

Uttalen vart vedteken mot tre stemmer (Frp)
 

Kontakt