Veidekke tildelt asfaltkontraktar i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal fylkeskommune har signert kontrakt med Veidekke for asfaltlegging i Møre og Romsdal i 2023. CO2-vektinga i fylkeskommunen sine tildelingskriterium var avgjerande for at dei vart tildelt den eine av dei to delkontraktane.
Møre og Romsdal fylkeskommune lyste i februar ut to asfaltkontraktar, ein for Nordmøre og Romsdal og ein for Sunnmøre. Det var to tilbydarar på begge kontraktane - Veidekke og NCC. På Romsdalskontrakta var Veidekke best på pris og CO2. På Sunnmørskontrakta var ikkje Veidekke best på pris, men vann også den på grunn av vesentleg lågare CO2-utslepp.
-Vil redusere utslepp
Veidekke sitt tilbod hadde eit CO2-utslepp som er 580 000 kilo CO2-ekvivalenter lågare enn konkurrenten, tilsvarande over 4 millionar køyrde kilometer med fossil bil.
- Desse oppdraga er på til saman 54 000 tonn asfalt på Sunnmøre, Nordmøre og i Romsdal. Her er CO2-utslepp ein sentral del av tildelingskriteria, i tillegg til pris. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å bidra til å redusere dei miljømessige konsekvensane ved produksjon og utlegging av asfalt, og denne konkurransen viser at det nyttar å vektlegge miljø i kriteria som eit ledd i å nå berekraftsmåla til fylkeskommunen, seier Torgeir Bye, som er seksjonsleiar for vegdrift i fylkesvegavdelinga, i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Det er første gang Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar miljøvekting for CO2 i asfaltkontraktane. Ein av årsakene til ein markant nedgang i CO2-utslepp i regionen er mellom anna at dei store byggherrane Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund kommune og Statens vegvesen har teke i bruk CO2-utslepp som eit av tildelingskriteria i asfaltkonkurransane. Dette har ført til stor investeringsvilje hos entreprenørane som normalt tilbyr asfalt i vårt område.
Kontraktane er eittårige og har ein verdi på til saman 87 millionar kroner.
Desse strekningane får asfalt i 2023
I dette kartet finn du oversikta over kva strekningar langs fylkesvegane i Møre og Romsdal som får ny asfalt i 2023.