Velkommen til fylkeskulturkonferansane 2021
Korleis kan vi sørgje for at framtidas kulturtilbod er berekraftig, og kva betyr eigentleg kulturen i FN sine berekraftsmål? I år arrangerer vi tre fysiske konferansar med tema berekraft, i Kristiansund, Ålesund og Molde kor du får høyre meir om dette.
Når vi no endeleg får arrangere fysiske konferansar igjen, rettar vi søkelyset mot dei tre dimensjonane miljø, økonomi og sosiale forhold som ei berekraftig utvikling som regel består av. Berekraftsmåla til FN handlar om å balansere alle omsyn som må takast når ein skal skape gode samfunn for alle – både no og i framtida. Allereie torsdag 4. november går den første konferansen av stabelen, på Kulturfabrikken i Kristiansund.
På konferansen i Kristiansund skal vi få høyre meir om korleis kulturfeltet kan spele ei viktig rolle innanfor miljødimensjonen og vil vere ei tydeleg stemme i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Ombruk av bygningar og kulturarv er eit av fleire eksempel på sirkulærøkonomi i praksis. Kultur og kulturmiljø kan bidra til å skape attraktive tettstadar og nærmiljø, i tillegg til å bidra til reduksjon av klimagassutslepp.
I Ålesund får vi vite meir om korleis kulturell og kreativ næring kan bidra med lokal og regional sysselsetting, både direkte og indirekte gjennom ringverknader til andre næringar. Slik er også økonomi eit viktig element i berekraftsmåla og dette vil vi belyse gjennom den andre fylkeskulturkonferansen.
Tema for konferansen i Molde er den sosiale berekraftsdimensjonen som lenge har vore i skuggen av både miljømessig og økonomisk berekraft. Å delta på kultur- og idrettsaktivitetar er ein måte å oppleve inkludering og heve livskvalitet på. Kunst, kulturbruk og fysisk aktivitet fremmer god helse, og kan vere ein unik inngang for å skape gode liv og ønska samfunnsutvikling.
Ønsker du å delta?
- Les meir om konferansen i Kristiansund torsdag 4. november, og meld deg på ved å følge denne lenka.
- Les meir om konferansen i Ålesund tysdag 9. november, og meld deg på ved å følge denne lenka.
- Les meir om konferansen i Molde torsdag 25. november, og meld deg på ved å følge denne lenka.