Velkommen til Innovasjonsfestivalen på Åndalsnes 12. – 14. november

Det er utviklingsselskapet Nordveggen som saman med blant andre Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til tre dagar med fordedrag, nettverksbygging og erfaringsutveksling.

Skriv ut

Fylkeskommunen sitt bidrag i år er knytt til temaa by- og tettstadutvikling, kreativ og kulturell næringsutvikling og utvikling av digital gründerteneste.

Stadutvikling og næringsutvikling

For deg som driv med by- og tettstadutvikling, kan Innovasjonsfestivalen lokke med programposten «Framtidas stedsutvikling». Korleis skape attraktive stadar å leve, bo og jobbe i framtida?

 

-Tettstadutvikling heng saman med næring og handel. Småbutikkar møter hard konkurranse frå nettbutikkane, noko som påverkar staden, enten han er liten eller stor. Skreddarsaum og dei unike kvalitetane folk og staden har er derfor viktige stikkord i framtidas by- og tettstadutvikling, seier arkitekt i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ingvild Gjerdset.

Gjerdset får følge av Dorte Wimmer (Retail Institute Scandinavia), Marianne Solbakken (Distriktssenteret), Roar Svenning (gründer og utviklingsansvarleg) og Runa Klock, designer MNIL.

Etter innlegga blir det workshop der deltakarane kan drøfte konkrete problemstillingar knytt til stadutvikling.

Inviterer til kunstutstilling

Som dei første i landet har Møre og Romsdal fylkeskommune si gründerteneste hoppid.no utvikla eit mentorprogram for kreative næringar. Gjennom programmet får gründerane både kurs og råd og rettleiing frå ein mentor til korleis han/ho kan utvikle ei levedyktig bedrift innan kreativ og kulturell næring. 

-To kull, totalt 18 bedrifter, har gått gjennom programmet, som har vore veldig vellukka. Piloten blir no avslutta, og vi ønskjer å vise fram arbeidet til nokre av kunstnarane som har deltatt i mentorprogrammet, seier prosjektleiar for Møre og Romsdal fylkeskommune si satsing på kreative næringar, Carina Stokke.

Kunstnarane som stiller ut er: Karolina Nowosielska, Gro Kjellnes Løvik, Linn Lervåg, Judyta Julia Bialkowska, Bergljot Hals og Sølvi-Lill Seljebotn. Utstillinga opnar 12. november kl. 18.30 i Rauma folkebibliotek, og utstillinga står gjennom heile festivalen.

Lansering av digital gründerteneste

Gründertenesta hoppid.no har saman med LEAN Business utvikla ei digital løysing for gründerhjelp i Møre og Romsdal. Det betyr at dei som ønskjer å starte bedrift med få tastetrykk kan søke midlar, finne gründertips, booke møte og kommunisere med ei hoppid.no-rådgivar.

-Tenesten har vore utvikla og testa ut i litt over eit års tid, og tilbakemeldingane så langt er svært lovande. Vi gler oss derfor stort til å lansere fullversjonen under Innovasjonsfestivalen på Åndalsnes, seier prosjektleiar Malene Aaram Vike.

Innovasjonsfestivalen blir arrangert for femte år på rad og har etablert seg som eit innovativt kraftsentrum i regionen. Årets festival har Smartere sammen som tema.

-Vi er veldig stolte over å presentere eit så variert og godt program. Mottoet til festivalen er at idear oppstår når folk møtest på tvers av bransjar og andre skillelinjer, og vi ønskjer både gründerar, etablert næringsliv, investorar og alle som er interesserte i innovasjon og samskaping velkommen, seier festivalsjef Ane Marte Almås Hammerø i Nordveggen AS.

Innovasjonsfestivalen blir arrangert av Nordveggen AS med bidrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune, Rauma Næringslag, Sparebanken Møre og Rauma kommune. Andre samarbeidsaktørar: Innovasjon Norge, Kunnskapsparken i Ålesund, ProtoMore, Vindel, Høgskolen i molde, hoppid.no, Sunnmøre kulturnæringshage, Visit Nordmøre og Romsdal og Møre og Romsdal bondelag.

 

Snarvegar

Kontakt