Verdiskapingsfylket Møre og Romsdal blør

-Møre og Romsdal er i ein svært alvorleg situasjon på grunn av koronaviruset. Jobb nr. 1 er sjølvsagt at alle bidrar til å avgrense smittespreiinga. Vi ser no at konsekvensane av koronatiltaka rammar nærings- og samfunnsliv svært hardt. Bråstopp i etterspørsel etter varer og tenester gjer at arbeidstakarar blir permitterte og store delar av næringslivet slit økonomisk. Det er derfor behov for at sentrale aktørar kjem saman for å samordne tiltak på kort og lang sikt, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve.

Skriv ut

Måndag 17. mars møttest fleire aktørar i eit videomøte for å diskutere korleis ein kan arbeide for å handtere den akutte situasjonen, samt sjå på kva tiltak som kan settast raskt i gang for å stimulere til verdiskaping når den verste krisa er over. Blant dei som deltok var NHO Møre og Romsdal, Innovasjon Norge, representantar frå den maritime klyng og fylkeskommunen ved regional- og næringssjef og fylkesordførar.

Sette i gang fylkespartnarskapet

I møtet vart det gitt full tilslutning til at Møre og Romsdal fylkeskommune raskt skal aktivere fylkespartnarskapet, som består av NHO, LO, Innovasjon Norge, SIVA, Forskningsrådet, NAV, KS, Fylkesmannen og Møre og Romsdal fylkeskommune, slik at det viktige arbeidet med å samordne treffsikre tiltak kjem i gang.

-Verdiskapingsfylket Møre og Romsdal blør, og alle gode krefter må samarbeide slik at vi kjem ut av krisa på ein best mogleg måte, seier regiondirektør i NHO Møre og Romsdal Espen Remme.

Kontakt