Vestlandsrådet inviterer til nasjonal konferanse om cruisetrafikk til Noreg

–Konferansen er svært aktuell for Møre og Romsdal, og vi håpar så mange som mogleg tek turen til Bergen tysdag 29. oktober, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Lillian Sæther.

Skriv ut

Vestlandsrådet er opptatt av utfordringane vi står overfor knytt til cruiseturisme. Derfor finn du tema som nasjonal cruisestrategi, tålegrense for cruisetrafikk, framtidige energiformer, ny Hamne- og farvasslov og beredskapen rundt cruisetrafikken på programmet.

Det er første gonga det blir arrangert ein nasjonal konferanse om cruise. Det skjer i Bergen, på Grand Hotel Terminus tysdag 29. oktober. Her kan du melde deg på.

Statssekretær Atle Hamar i Klima- og miljødepartementet vil opne konferansen. På programmet finn vi også beredskapsavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, som vil dele erfaringar etter Viking Sky-ulykka ved Hustadvika tidlegare i år. 

Forventar vekst 

-Cruisetrafikken til Noreg har auka kraftig dei siste åra, og ifølge prognosene, vil veksten fortsette. Målet med konferansen er å auke kunnskapen kytt til dei mest sentrale utfordringane, slik at både næringa og det offentlige kan ta gode beslutningar om korleis vi skal legge til rette for denne veksten, seier Sæther.

Interessekonflikt og debatt

-Vi ser ulike interessekonflikter med til dels skapre diskusjonar, for eksempel mellom landbasert og sjøbasert reiseliv. Utsagn som at cruisetrafikken gir lite verdiskaping, ulike konkurransevilkår og at cruisetrafikken forurensar og fører til over-turisme på enkelte reisemål har vore fremma. Dette er diskusjonar vi må ta. På konferansen blir det paneldebatt der deltakarar frå ulike delar av reiselivsnæringa vil fremme sine synspunkt, og bli utfordra på å komme med forslag til nasjonale løysingar.

Konferansen er ei oppfølging av «Cruisestrategi for Vestlandsregionen», som Vestlandsrådet vedtok i 2018. Det er forventa deltaking frå reiselivsnæringa, kommunar, fylke og interesseorganisasjonar frå heile landet.

Vestlandsrådet vart etablert i 2013 og er eit politiske samarbeidsråd mellom fylkeskommunane Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Kontaktperson for konferansen:

Trond Amland, prosjektleiar, e-post trond@reiselivsutvikling.no, mobil 908 55755.

Kontaktperson for Møre og Romsdal fylkeskommunes reiselivssatsing:

Lillian Sæther, rådgivar reiseliv, Møre og Romsdal fylkeskommune, lillian.sether@mrfylke.no, mobil 985 80 603

Kontakt