Vestlandsrådet styrkar arbeidet med næringsutvikling

–For å følgje opp næringsstrategien og styrke arbeidet med næringsutvikling, lyser Vestlandsrådet no ut ei stilling som prosjektleiar. ­­Dette er ei spennande stilling for deg som vil jobbe med næringsutvikling for heile Vestlandet, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve.

Skriv ut

Vestlandsrådet er eit politisk samarbeid mellom fylkeskommunane Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Rådet har vedtatt å spisse arbeidet sitt rundt næringsutvikling i landsdelen, og søker no ein person til å leie dette arbeidet dei neste tre åra.

Prosjektet har eit næringspolitisk forum, samansett av dei tre fylkesordførarane, partane i arbeidslivet og representantar frå næringslivet. Næringssjefane i fylkeskommunane er arbeidsgruppe for rådet.

–Prosjektleiaren skal vere sekretær for både forumet og arbeidsgruppa og vil vere ein viktig pådrivar i satsinga på næringsutvikling.  Stillinga som prosjektleiar kan leggast til eit av dei tre vestlandsfylka. Om det blir tilsett ein prosjektleiar som er busett i Møre og Romsdal, vil Møre og Romsdal fylkeskommune bli formell arbeidsgivar, fortel Torve.

Søknadsfristen er 15. mai

Du kan lese meir og søke på stillinga på nettsida til Rogaland fylkeskommune

Kontakt