Vi må bygge gode nabolag for å skape attraktive stadar

Å bygge gode nabolag og utvikle nye bustadløysingar er viktig for å skape god folkehelse – og attraktive stadar. Men korleis gjer vi det? Og kven har ansvaret for at nabolaga blir gode?

Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune jobbar for at fylket skal vere ein attraktiv og mangfaldig plass der folk vel å bu. Den 22. og 23. juni set vi gode nabolag på dagsorden på bustadkonferansen vi arrangerer, i lag med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Husbanken.

For eit godt nabolag handlar om meir enn å bygge funksjonelle bustadar og innfri dei tekniske krava til bustaden og kvadratmeter på uteareal. Det handlar om området; kven som bur der, kva det inneheld, korleis det er utforma og korleis vi brukar det.

Smart blanding

Eitt grep er å skape variasjon i folk som bur i same område og gode fellesareal der dei kan møtast. for å skape sosiale relasjonar må vi legge til rette for variasjon både i alder, kjønn og bakgrunn i eit bustadområde. Likevel ser vi at brorparten av nye leiligheiter som blir bygd i sentrumsområde blir selt til seniorar. Vi kunne for eksempel ha sørga for at eldre og barnefamiliar i større grad enn i dag kunne bu i same område. Bur dei i same nabolag kan dei hjelpe kvarandre: Dei eldre kan sitte barnevakt og dei unge kan hjelpe dei eldre  med tunge tak og handle mat. På denne måten kan fleire bu lenger heime. Fellesareal kan bidra til å styrke samhald og hindre einsemd. For å oppnå variasjon i samansetninga av bebuarar, er det viktig at det finst bustadar i fleire prisklassar, storleikar og med ulike funksjonar i alle bustadprosjekt. Det kan føre til at ein oppnår ei blanding av folk som bur der.

Pirre sansane

Eit anna grep er å forme omgivnadar slik at det blir attraktivt å bu der. Omgivnadane påverkar korleis vi brukar eit område. God arkitektur handlar om korleis det bygde passar inn og berikar nærmiljøet og korleis menneske brukar bygg og omgivnadar. Ei bustadblokk på ei grøn plen kan nok oppfylle krava til tal kvadratmeter, men er uteplassen brukbar når det er direkte innsyn til ho som bur i første etasje? Er det mogleg å ha privatliv ute for dei som bur oppover i etasjane? Kor langt er det til leikeplassen, butikken og skulen? Finst det snarvegar dit? Bukvalitet dreier seg også om sansane våre; om lys, fargar, materialar og omsorg for detaljane, slik som ei munter farge, ein fin benk og eit vakkert tre. Tenk på noko du blir glad av når du er ute. Sannsynlegvis har det noko med omgivnadene å gjere.

Det er nok hus, men likevel boligmangel?

I tillegg til gode nabolag og gode bumiljø, må vi skape større mangfald av bustadløysingar. Det er særleg viktig i distrikta, der det både er mangel på eigna bustadar og ein dårleg fungerande marknad. I Møre og Romsdal er det flust med einebustadar, men passar dette for den eldre delen av befolkninga eller for yngre tilflyttarar som først vil finne ut om dei trivst? Det er like dyrt å bygge ein ny bustad som i sentrale strøk, men bustaden blir ikkje like mykje verdt. Du skal med andre ord vere sikker på at du skal bu der lenge dersom du vil gjere den investeringa. Mangel på eigna bustad kan bli ein flaskehals som gjer at næringslivet ikkje får tak i arbeidskrafta dei treng.

Roar Svenning, som er ein av gründerane bak prosjektet Bygda 2.0 på Stokkøya i Åfjord, set ord på det (Adresseavisen, 12.05.22): «Vi mangler folk som gidder i bo i distriktet» og viser til at hovudproblemet for distrikta i dag ikkje handlar om mangel på jobbar, men mangel på sosial infrastruktur, attraktive bumiljø med god arkitektur som gjer det attraktivt å leve der. Bygda 2.0 har demonstrert at satsing på bustadar og eit levande og inkluderande nabolag kan trekke folk til distriktet. Dette bør næringslivet vere opptatt av.

Kven tar ansvar for bukvalitet og gode nabolag?

Dersom vi ønsker attraktive og varierte bustadområde, må vi prioritere det. Våre folkevalde speler ei nøkkelrolle: det må politisk vilje til for å styre utviklinga. Kommunen er, som planmynde og samfunnsutviklar, den viktigaste premissleverandøren for kvalitet i omgivnadane. Kommunen må lage gode planar, stille krav til kvalitet i prosjekta og ha strategiar for korleis enkeltprosjekt bidrar til gode nabolag og område. Og sidan private aktørar står for det meste av bustadproduksjonen, må kommunen samarbeide med utbyggjarane og eigedomsaktørane. Fylkeskommunen har som mål å utvikle livskraftige og attraktive byar og tettstadar, blant anna gjennom by- og tettstadprosjekt. Den 22. og 23. juni inviterer vi aktørar på feltet og arranger for første gong ein bustadkonferanse, med særleg fokus på gode nabolag.

Attraktive bustadar og nabolag

Vi meiner at det er rom for meir nyskaping og innovative løysingar med meir stadtilpassa arkitektur, kommunar som er garantistar for bu- og områdekvalitet og utbyggjarar som tenkjer nytt. Gode nabolag med inkluderande arkitektur og mangfaldige bustadløysingar vil gjere fylket betre for oss som bur her og for dei som kjem. Bustadbygging er by- og stadutvikling i praksis.

Snarvegar

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.