Vil at Staten styrker tilskotsordninga for å utbetre fylkesvegane i Noreg
Fylkeskommunedirektøren ber Staten løyve fem milliardar kroner årleg i tolv år for å utbetre fylkesvegane i Noreg.
Ei oppdatert kartlegging av vedlikehaldsetterslepet viser at det vil koste om lag 16,8 milliardar 2023-kroner (inkl. mva.) å fjerne etterslepet og gjere tilhøyrande oppgraderingar på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal.
«Fem mrd. kroner årleg i tolv år er ikkje tilstrekkeleg for å ta att vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane, men vil vere ein god start», skriv fylkeskommunedirektøren i innstillinga i saka om høyring av transportverksemdene sine prioriteringar i Nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2025-2036.
Nasjonal transportplan (NTP) presenterer regjeringa sin transportpolitikk og beskriv kva mål og prinsipp regjeringa legg til grunn. Plana vert revidert kvart fjerde år og er ein plan som i første rekke gjeld statleg infrastruktur.
Kommunane i Møre og Romsdal vart invitert til å kome med innspel til høyringsfråsegna frå Møre og Romsdal fylkeskommune, og eit høyringsmøte med kommunar, regionråd, hamneråd, LO og NHO vart gjennomført 21. april. Møre og Romsdal fylkeskommune har så langt det har latt seg gjere tatt omsyn til innspela.
Planperioden for ny NTP er tolvårig og vil gjelde frå 2025 til 2036. Målstrukturen i NTP er gitt av Samferdselsdepartementet, og det overordna målet er eit effektivt, miljøvenleg og trygt transportsystem i 2050.
Dei fem måla som er sett er ein enklare reisekvardag og auka konkurranseevne for næringslivet, kostnadseffektivisering, effektiv bruk av ny teknologi, unngå drepne og hardt skadde i trafikken, samt å bidra til å nå Noreg sine klima- og miljømål.
Innspelet om å bruke fem milliardar kroner årleg for å tette vedlikehaldsetterslepet står i sterk kontrast til kva Statens vegvesen har spelt inn – dei vil avvikle heile tilskotsordninga for vedlikehald på fylkesvegnettet.
NTP-høyringa skal no til politisk behandling i ulike råd og utval, og blir endeleg vedtatt av fylkestinget 19. juni.
Vil ha like føresetnadar
Fylkeskommunedirektøren har i saksframlegget lagt stor vekt på hovudinnretninga og økonomiske rammer. Og ho understrekar viktigheita av å sjå transportsystemet under eitt og at ressursbruken skal gagne alle fylke: «Ny NTP må adressere dei nasjonale utfordringane uavhengig av forvaltningsnivå. Fylkeskommunedirektøren understrekar at like føresetnader for veg og ferje på riks- og fylkesveg er viktig, til dømes i innhenting av vedlikehaldsetterslepet.»
I saksframlegget blir det store vedlikehaldsetterslepet forklart med at fylkeskommunane etter forvaltningsreforma i 2010 fekk overført vegstrekningar frå staten, utan at dei økonomiske rammene var tilstrekkelege for å handtere etterslepet. «I tillegg er det innført krav frå staten som krev auka midlar til drift, vedlikehald og oppgraderingar av fylkesveg, særleg krav knytt til tunnelsikkerheitsforskrifta for fylkesveg, samt rassikring», går det fram av saksframlegget. Også klimaendringane, med våtare og villare vêr, har gjort det meir krevjande.
Må ta omsyn til 44.000 km. fylkesveg
«I Noreg er det ca. 38.000 km kommunale vegar, ca. 44.000 km fylkesveg og ca. 10.000 km riksveg. Dette faktum må NTP ta omsyn til, og styrke den statlege finansieringa for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegnettet», skriv fylkeskommunedirektøren.
Ho peikar på at Statens vegvesen foreslår å auke løyvingane til drift og vedlikehald av riksveg frå 9,3 mrd. til 11,2 mrd. årleg. Fylkeskommunedirektøren meiner at regjering og storting må ta stilling til kor vidt det er rett å prioritere opp vedlikehald av riksvegnettet, når Statens vegnett det siste tiåret har fått betydeleg meir midlar enn fylkesvegnettet, og har eit mindre etterslep.
Ei komplett oversikt over fylkeskommunedirektøren sine forslag til prioriteringar finn du i saksdokumenta.