Vil auke vedlikehaldet av fylkesvegane

Møre og Romsdal fylkeskommune har søkt om 75 mill. kr i ekstra statlege midlar til vedlikehald av fylkesvegnettet i 2021. Midlane kan føre til ein betydeleg auke i vedlikehaldsarbeidet som kjem både trafikantane og næringslivet i fylket til gode.

Skriv ut

I statsbudsjettet for 2020 vedtok Stortinget ei ny tilskotsordning for vedlikehald av fylkesvegnettet på 400 millionar kroner som fylkeskommunane kan søkje på.

Grunnlaget for utvalet av prosjekt i søknaden er mindre drift- og vedlikehaldsoppgåver som ikkje var prioritert i utgangspunktet og som kunne gjennomførast i 2021.

- Om lag halvparten av pengane vi søkjer om er til asfaltering av strekningar der vi har store utfordringar med hjulspor og kritisk dårleg dekke.  I tillegg ønskjer vi å gjere tiltak på vegane for å tillate modulvogntog og tiltak til større sikringsarbeid på Kvanne og Rykkjem ferjekaier og i Øksendalstunnelen, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Møre og Romsdal fylkeskommune søkjer om støtte til desse prosjekta (kostnadar eks. mva):

  • Tilrettelegging for modulvogntog på fylkesvegnettet (2,0 mill. kr)
  • Fv. 670 Kvanne og Rykkjem ferjekaier, erosjonssikring (12,5 mill. kr)
  • Fv. 62 Øksendalstunnelen, bergsikring (20 mill. kr)
  • Fv. 60 Tomasgard, Volda -Røyrhus bru, Stranda. Utretting av krapp sving (3,8 mill. kr) og utbetring av kritiske punkt (1,5 mill. kr)
  • Asfaltering av ei rekkje fylkesvegstrekningar (35 mill. kr)
    • Fv. 61 Leikongeidet, Herøy (5,7 km)
    • Fv. 64 Visnes-Ørjavik, Hustadvika (4,1 km)
    • Fv. 60 Strandafjellet, Stranda (2,3 km)
    • Fv. 526 Ellingsøya, Ålesund (1 km)
    • Fv. 64 Røvik-Bolsøybrua, Molde (3,5 km)
    • Fv. 60 Straumgjerde-Fete, Sykkylven (3 km)
    • Fv. 64 Bolsøybrua-Fannefjordtunnelen, Molde (3,2 km)
    • Fv. 60 Stranda (6 km)
    • Fv. 61 Strand rundkøyring-Dimna, Ulstein (1,6 km)
    • Fv. 653 Eiksundtunnelen, Ørsta og Ulstein (6 km)

Grunnlaget for utvalet av prosjekt i søknaden er mindre drift- og vedlikehaldsoppgåver som ikkje var prioritert i utgangspunktet og som kunne gjennomførast i 2021.

Aukar tryggleik og framkomstSøknaden inneheld prosjekt med ein totalkostnad på ca. 75 mill. kr. Det stipulerte beløpet til Møre og Romsdal frå staten som er på ca. 40 millionar kronar.

- Forfallet på fylkesvegnettet er stort, og desse prosjekta får vi gjort i år i tillegg til vedlikehaldsarbeidet vi finansierer over eige budsjett. Gjennom søknaden ønskjer vi å vise at vi kan ta eit langt større løft enn det stipulerte beløpet. Det vil vere eit svært positivt bidrag til trafikktryggleiken og framkomsten i Møre og Romsdal, meiner fylkesvegsjefen.

Kontakt