Vil dele kunnskapen frå bygginga av Nordøyvegen

Over ein milliard kroner ligg igjen i lokal økonomi etter bygginga av Nordøyvegen. Korleis kan lokalt og regionalt næringsliv rigge seg for å være med på store utbyggingsprosjekt i framtida? Og kva utviklingsmoglegheiter kan fastlandssambandet gi? Nokre av svara kan ligge i evalueringa av lokale verknadar frå bygginga av det største fylkesvegprosjektet nokon sinne, som Concreto har gjennomført for Møre og Romsdal fylkeskommune.

Skriv ut

Haram nærings- og innovasjonsforum og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer lokalt og regionalt næringsliv, aktørar i bygg- og anleggsbransjen, offentlege og private byggherrar og andre interesserte til fagseminar på Ingebrikt Davik-huset i Brattvåg onsdag 17. august frå kl. 09-12.

  • Prosjektleiar Marianne Nærø vil presentere dei lokale og regionale ringverknadane frå byggeperioden og sine erfaringar med lokalt og regionalt næringsliv.
  • Prosjektsjef Anne Britt Moen i Skanska deler erfaringar med lokalt næringsliv frå byggeperioden og tankar om korleis lokale og regionale aktørar bør rigge seg for å bli ein del av store bygg- og anleggsprosjekt.
  • Dagleg leiar i ACO Anlegg AS, Tarjei Rødset deler selskapet sine erfaringar med å opprette eit arbeidsfellesskap saman med Busengdal AS og Opshaug sandtak AS for å vinne ein stor kontrakt på Nordøyvegen.
  • Prosjektleiar Per Egil Ekroll i Kraftmontasje AS fortel om kva elektro- og automasjonskontrakten for Nordøyvegen har betydd for selskapet.
  • Dagleg leiar for Nogva motorfabrikk AS Kjell Norvoll deler sine tankar om kva Nordøyvegen vil bety for næringslivet framover.

Rapporten frå undervegsevalueringa er tilgjengeleg for nedlasting her: https://mrfylke.no/nyheiter/over-ein-milliard-lokale-kroner-fraa-bygginga-av-nordoeyvegen

Snarvegar

Kontakt