Vil førebu lærlingar til arbeidslivet
For at læretida skal bli så god som råd, har fylkeskommunen invitert alle nye lærlingar i fylket til samling.
I oktober og november samlast fleire hundre førsteårslærlingar på eit brett, i Kristiansund, Molde og Ålesund.
Poenget er å gi dei ein god start, informasjon og råd slik læretida blir så god som mogleg.
- Første års lærlingar kan oppleve overgangen frå skole til arbeidsliv som brå. Ved å førebu dei, og legge til rette for ein god overgang, kan fylkeskommunen hjelpe dei eit stykke på vegen, seier Bjørnar Loe, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Rettar og plikter
På samlinga får lærlingane lære om kva rettar og plikter dei har. I tillegg får dei møte elev- og lærlingombod, representantar LO og NHO og frå lokalt næringsliv, og fagrådgivar.
- Det er viktig å skape gode rammer for læring i bedrift, spesielt rutinar som sikrar ein god prosess dersom det står oppstår utfordringar hos lærlingar eller i bedrifta, seier Loe.
Elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden meiner det er ei viktig samling.
- I mange av sakene eg får inn, manglar lærlingen god opplæring og oppfølging. Fleire av sakene handlar også om dårleg arbeidsmiljø og arbeidsmiljøkonfliktar. Når slike ting skjer, må lærlingane kjenne til kva rettar dei har, og kven som kan vere deira støttespelarar, slik at vi kan finne gode løysingar og problema ikkje vert større enn nødvendig. Samlinga vi no arrangerer skal bidra til at desse tinga kjem på plass, seier ombodet.
Tid og stad:
- 27.10.2021 Kristiansund, Kristiansund vg. skole, Braatthallen
- 04.11.2021 Molde, Romsdal vg. skole, store auditorium
- 09.11.2021 Ålesund, Borgund vg. skole, store auditorium